Eg sit i ein slags song

November 4, 2006

Ein song skrive av Ole Paus, Odd Børretzen og Odd Nordstoga, saman. Jo no skal du høyre. Det både regnar og snør. Livet er lekkert men dagen er noko drit. I morgon vert neppe betre, og då byrjar det jo å bli eit liv dette her – kor mange dagar i strekk kan ein ha utan at det endar opp som ei veke, eit år, eit liv? Kvar dag må vel igrunn vera ei glede dersom livet skulle vera berre lekkert? Her finst raudvin innabords, men brisen er berre utanpå – verknaden står mot alle hensiktsmessige bruksreglement i raudvinsføreskriftene, og eg sitt tilbake ganske tam og hjelpelaus her eg kikkar ut i regn/snjonatta, med noko raudvin inni og ikkje noko raudvin att utanfor. Og fortsatt er det kaldt på beina. Og elden han brenn, men det må vera eit godt stykke herifrå for det verken varmar eller lyser nokonstad. Skulle det bli betre no så hadde grisane til naboen sett i å hyle óg, på gamle Frank-låtar. Dog eat dog. Eat cat too? Ikkje veit eg, veit du. Men ein gong lyt vel bli den siste, så kvifor sitja der og venta på at ein skal kaste bort sjansen så mange gonger i mellomtida? – Vern om dine tøfler, ære din bar og ditt hor.


Minusgrader på Voss

November 2, 2006

No er han her. Vinteren. Den jævelen. Eg hadde liksom tenkt å halde han på minst éi armlengds avstand i alle fall eit par veker til. Men vaknar ein heilt i tåka ein torsdags morgon og finn bilen sin innlemma i frostleg frisk is, varmekablane på badet av og varmtvatnet oppbrukt, utan isskrape, hanskar, vottar og varme tjukkesokkar? Ja. Går det ikkje an å få med seg minusgrader i værmeldinga? Kan ikkje sivilforsvaret bruke dei forbanna flyalarmane sine til noko vettug til ei forandring, og varsle folk & dyr i bygd & by når minusgradene kjem krypande inn midt på mørke natta..? Forsvartejulande…


Kva ventar du på?

October 24, 2006

 vent

Ein av dei to som les denne bloggen (eksklusive meg sjølv) sa til meg her i ettermiddag at eg ikkje måtte vera så filosofisk i bloggen min. Tenk om eg skulle mista halvparten av lesarane mine, det kan eg ikkje risikere. På den andre sida så veit eg at den andre lesaren min godt likar filosofiske postar. Eg skjønar no at eg nok ein gong har snubla inn i eit hjørne, gjerne med rumpa først slik som teikneseriefigurar ofte gjer når dei malar golvet. Her finst heller inga dør ut av rommet, naturlegvis. Kva gjer ein då? Jo, då er det vel berre to ting ein kan gjera; å vente eller ikkje vente. Eg er godt kjend for det store tolmodet mitt! – Men kanskje endå meir kjend er eg for at eg stadig vekk ikkje nyttar det. Ro i hovudet, maur i ræva. Betre det enn ro i ræva og maur mellom øyrene, skulle ein tru. Eller kanskje ikkje – dette er vel til dels yrkesbetinga, som alt anna. Men no skal eg ikkje falle for freistinga å bli heilt filosofisk her – me må nok spore av til det banalt enkle att. Hårvekst, øl og fising. Summen av hår er konstant – dei berre flyttar seg. Som oftast startar det på hovudet og så renn det liksom nedover litt sånn etterkvart som åra går. Det er kanskje lettsindig å tenkja at dette har noko slags proporsjonalt forhold til ølforbruk og fising å gjera, sidan dei liksom passar som fot i hanske akkurat der – men me skal ikkje begå den feilen å dra usømelege konklusjonar eller slutningar sånn heilt utan nokon grunn. Me kan, derimot, dra usømelege konklusjonar dersom me har ein god grunn, som til dømes at me har spesielt lyst til å dra usømelege konklusjonar. Slik vert det og forsvarleg å bortforklare ein såpass meiningslaus post i bloggen med at han er filosofisk fundert (på). Eg tenkjer ofte på utrykket “medaljens bakside”. To sider av samme sak, om du vil. Det er igrunn alltid meir enn to sider av samme sak, om ein skal vera ganske streng på det – det er faktisk heilt uendeleg med sider på alle saker, både fysiske og ikkje-eksisterande (eller abstrakte, for dei som har anlegg for å tenke på ting som ikkje finst). Men tilbake til medaljen – kva er så baksida på medaljen? Vil ikkje det alltid vera den sida du ikkje ser på? Kva så om du ser på han i eit speil – med andre ord frå begge sider samstundes – ja kva då? Kor meiningslaust er ikkje det, å stå foran eit speil og sjå på ein medalje? Det er omtrent like dumt som å sjå på ein mynt, for eksempel ein femkrone, istadenfor å putte han i lomma til du treng han – til dømes for å betale noko (som jo er heile meininga med mynten i utgangspunktet). Eller ta t.d. måleri – i alle fall dei fleste som eg veit om har berre ei framside. I alle fall veggmåleri. Kroppsmåleri vert noko litt anna. Det er vel strengt tatt liten vits i å male noko på begge sider dersom den eine sida likevel vert hengande inntil ein vegg der ingen ser han? Alle jenter har ei bakside. Alle menn og, forsåvidt, men det har ikkje eg tenkt å vie noko større tid til her. Eg nemde litt oppi her at eg stadig vekk tenkjer på denne baksida av denne metaforiske medaljen (for dei som ikkje greier å tenkje på abstrakte (ikkje-eksisterande) ting så må eg diverre opplyse om at det vil vere heilt bortkasta å lese vidare. Prøv t.d. www.vg.no viss du kjenner det er litt luftig i toppetasjen.). Ikkje lenge etter eg har tenkt på baksida av medaljen, så slår det meg kor heilt utrulig sjølv-deprimerande perspektivvala våre ofte er – eg skal vedde på at minst 70% av tankekapasiteten til eit gjennomsnittleg menneske går med til å tenke på problem, hindringar, mulige katastrofar og andre uhumskheiter. For meg så kokar det ofte ned til eit meir konkret, men likevel filosofisk fundert (pun intended) dilemma: å vente eller ikkje vente. Det endar som oftast opp med at eg ikkje ventar. Det er det fleire gode grunnar til:

1. Venting er kanskje det kjedelegaste i verda. Alle dei andre alternativa er kjekkare.
2. Den som ventar på noko godt ventar ofte for lenge og dermed forgjeves.
3. Alle gode ting skjer der og då. Der og då kan vera her og no.
4. Når veit du at det er lurt av deg å vente? Og kva er den treigaste måten å finna det ut på?
5. å vente stammar frå “vent” som opprinneleg beskriv eit luftehol i eit biologisk system (t.d. ein kropp) for utslepp av gassar 6. Venterom. Rom dedikert til dei som ikkje har vett til å få unnagjort ting med det samme.
7. Kø. Kva gjer du i kø? Ventar. Likar du kø?
8. “Endeleg….” forsvinn frå vokabularet viss du aldri ventar på noko.
9. Sjå på dei religiøse som venta 2000 år på at nokon skulle bli gjenfødt. Sjå kva dei fekk? ” …vennligst prøv igjen senere.”
10. Har du venta på eit godt poeng heile vegen gjennom 1-9? Då kjem det no: Det var ikkje verdt det.
11. Viss du aldri ventar på noko godt så veit du heller ikkje kva du går glipp av, og dermed er du like glad samstundes som du slapp på ta sjansen på at det kanskje ikkje kom noko godt likevel.
12. Karius og Baktus venta på loff, men fekk tannlege. Barnehistoriar har høg moralføring og moral er til for å lære av. Stol på Egner.

13. No er denne posten over, og du har heilt sikkert venta og venta på eit poeng.


interkontinental slang(e)

October 17, 2006

import av eksport

Altså. Dei som er nokolunde opplyste (dvs dei som ikkje begrensar litteraturutvalet sitt til donald eller pondus på nr.2) har truleg fått med seg at me nyleg har lagt ein satans kabel. Ikkje nok med det, men me har lagt ein kabel til England. Det er tider når eg skulle ønske me hadde lagt ein durabelig kabel PÅ England, men dette får halde for no. Joda, denne kabelen, eller slangen, eller røyret eller – ormen, om du vil (kjært barn…), er omtrent som eit omvendt sugerøyr. Det er ein pumpekabel. Gjennom denne kabelen så kan det pumpast 20 milliardar kubikkmeter (standard kubikkmeter, kvanoenndetskalbety…kva er vel ein standard kubikkmeter mot ein STOR kubikkmeter liksom..uh…) GASS. Ekte, god, gammel (driiitgammel faktisk), naturlig, men ikkje minst, NORSK, gass. Og det er jo i og for seg fint, det. Så får me endelig gassa britane, tenkjer no eg. Poenget her er. Eg les på statoil sine nettsider at reservane våre i nordsjøen på gass er omtrent 3000 milliardar kubikkmeter gass. Korleis dei har målt det tør eg ikkje tenke på eingong… Eit kjapt reknestykke viser då at viss me lar britane suge gass alt dei orkar, så går me tomme for gass om 150 år. Hundreogfemti år tenkjer du – det er jo leenge til. Men neidu – me har allereie skrive ein kontrakt med gutta båys der borte på 50 år. Åi, serdudetja – Ola Nordmann har akkurat signert vekk 1/3 av sine potensielt mest verdifulle naturressursar. Og me får 2 kroner kubikkmeteren. Det blir, etter 150 år, 6000 milliardar kroner. Altså 6 billiardar kroner. På bok. Og der skal dei ligge, liksom..? Me har jo for steike saltande ikkje greid å bruke opp dei 1400 milliardane som ligg og ventar på oss i Oljefondet endå…fortell meg du som veit kva me skal med 6 billiardar til i Gassfondet? Nei no har det gått heilt over styr.

Kva skal me ta betalt? To kroner per (standard) kubikkmeter (målt med multimeter, kanskje, når eg tenkjer meg om. Standard multimeter mest truleg.) er jo ingen verdens ting for noko det er såpass begrensa mengder av? Det er etterspurde saker dette her! Nei, me må ta noko tilsvarande i betaling. Irland, foreksempel?  Hm, det er sant, dei eig jo berre litt av Irland… Irlands Finnmark, på ein måte. Kva skal vel me med endå eit Finnmark? Der er det berre samar og tenåringar med frostbitt som går og kikkar etter forlengst ihjelfrosne russarar på den andre sida av elva. (Kan dei ikkje berre sette opp nokon kamera, liksom? Skal me verkeleg kaste vekk fleirfoldige milliardar oljekroner på å sende stakkarslege unge og til no håpefulle gutungar opp i snøen der for å leike gjømsel? Fuck that, sherlock.)

Me må ta noko verdifullt i byte. Men kva då? Har dei noko verdifullt? Noko me ikkje har her? Svaret er kanskje enklare enn du trur: ØL. Me lagar ein tovegskabel. Ein som importerar like mange standard kubikkmeter øl som me eksporterar standard kubikkmeter gass. Eye for an eye. Petroleum for a Pint, liksom. Ein slags stats-scrabble: “Hey, Stolenberg – whatdoyousay? I’ll trade you a P for a G. Let’s call it the P4G deal or something…yeah, a catchy thing like that. Well G8 was a big hit wasnt’t it? Lots of people came to see it, whatever it was…”

Så der har du løysinga. Billig gass til england, billig pils til norge. Viss dei skal få gass til to kroner kubikken så kan vel me få pils for samme mynt? Me har jo alt for mange pengar uansett korleis ein vrir og vender på det.

40 milliardar i året… kva var det eg høyrde på tv her før i kveld… to hundre og femti milliardar kroner for å bygge ut vegnettet i heile norge? Hm. Kor skal me finne slike pengar??? Nei spør du meg…


Nordmenn og turgåing

October 14, 2006

turmannen

Eg har igrunn alltid vore av den oppfatning at me nordmenn er flinke å tilbringa tid i naturen, gjerne på fjellet, eller kanskje berre ein ettermiddagstur rundt eit lite tjern eller vatn – kven veit. Kanskje eg faktisk alltid har tenkt at nordmenn er flinkast, faktisk, til å gå tur i fjell, skog og mark. Før i tida, altså under krigen eller deromkring, var dette med turgåing noko alle gjorde, og då gjerne kledd opp i skikkelig turutstyr (støvlar, gamasjar, nikkers, anorakk og lue med norsk flagg på). Eg har tilogmed eit bilete av slekta (dvs eit par generasjonar bakover) som sitt midt uti villmarka i finstasen med dressar og kjolar… og noko slags daudt hjortedyr i bakgrunnen om eg hugsar riktig. No har mykje forandra seg, og det merka eg spesielt godt i ettermiddag då eg kom køyrande heim frå en handletur etter øl (me går forresten ikkje ut etter øve-øl lengre; no køyrer me, gjerne i bil). Dette biletet tok eg med mobilen på veg heim (i fart, beklagar at det er litt uskarpt). Dette er den moderne, norske, turgåaren. Han har stadig vekk hund, og ein slags turklede. Sykkelen er eit relativt nytt tillegg, det er liksom litt mindre strev å sykla samme avstanden som ein gjekk før… det får då vera grenser – når blei “tur” til “mosjon”? Neida.

Det eg lurar på er om, dersom dei hadde hatt mobiltelefonar med kamera i i 1943, hadde dette då vore eit typisk “turbilete ” som vart hengande på veggen? Eg har mine tvil, men vonar sterkt at turgåarane også slo sprekkjer iblandt i førre århundret.


Hadde nokon spurd meg idag…

October 11, 2006

kikarPå gamle filmar, eller kanskje det er i gamle bøker – eller kanskje det berre er noko eg innbillar meg? – så kunne ein ofte sjå ein liten dretunge som ruska i far eller bestefar, eller kva som helst slags far – samme far kan det vera – sitt buksebein, for å spør om noko. Som oftast ville eit slikt spørsmål vera anten av ein svært konkret, eller svært abstrakt, natur. Anten var det “kva gjer den mannen og dama på inni den bilen” eller “kva er meininga med livet”- type spørsmål (som muligens er tett relaterte spørsmål om ein tenkjer over det, men lat no det fara sin eigen kos nett no…).

Finst det fortsatt slike ungar? Og ikkje minst, finst det fortsatt slike buksebein? No sit vel helst ungen på internett og spør vilt framande menneske slike ting, medan far er å finne med buksene nede baki ein vilt framand bil ein vilt framand stad med ei vilt framand kvinne og spelar truseludo…. vel, kanskje det var å ta litt i men kvar er vel moroa i å vera beskjeden?

Eg synest forresten at eg fortjener ein aldri så liten oppfinnarmedalje for det ordet, truseludo. Det dukka liksom opp sånn ut av det grå. Kvar får ein slike medaljar? Vert det laga medaljar fortsatt? Og kven er det eigentleg som får medaljar no for tida? Er det berre ordførarar og sportsfolk? Finst det ikkje medaljar for gode ord eller sliktnoko? Får ein medalje for “flest medaljar i 2006″ til dømes? Og kva skal vel han som fekk DEN medaljen med ein til…?

Uansett så hender det at eg finn meg sjølv lurande på ting, gjerne ting som eg eigentleg burde ha visst, men som eg liksom aldri har tenkt på før. Som foreksempel kven det var som oppfant plenen… ikkje graset altså, det får bli eit bioreligiøst spørsmål, men kva for slags tulling som fann ut at han ville laga plen utanfor huset sitt. Rett nok, plen er fint det, men kva skal ein med han? Eller kven som oppfann kanoen – og kvifor ingen har laga ein betre versjon som ikkje veltar heile tida. Eller kor i all verda ein finn slike damer som ein kan vera med baki bilar i tide og utide… det er nok av ting å lure på. Men mest av alt, så lurer vel både eg og opptil fleire andre håpar eg, på kva meininga med livet er. Eller var. Eller blir. Eller skulle vore… gje meg gjerne eit oppslagsverk for slike ting, det trur eg nok både kulturministeren, p2, ari behn og bokforlaga hadde vore begeistra for. Meininga med livet – det har liksom blitt ein slags standardfrase – den som askeladden aldri hadde kunna lurt seg unna (eller kanskje nettopp han er rette karen til å svara på det…kor blei det av han, forresten?).

Eg trur at dersom slike ungar (jfr avsnittet litt oppi her) eksisterte framleis, eller om dei gjer det, så hadde dei spurt, no i 2006 altså, ikkje kva meininga med livet var – men “kva er poenget” med livet. For det er eit ganske anna spørsmål. No må det liksom vera eit “poeng” med alt ein tar seg til. Kva er poenget med å sitte her å skrive dette fjaset, t.d.? Vel ikkje veit eg, men eg gjer no det og eg har tenkt å skrive litt til. Du kan jo ta ein pause viss du synest det vert langt. Kanskje det vert ei bok. Isåfall må du skrive ut, eller printe om du heller vil det, dette her og binde det inn sjølv. Skriv gjerne “henrykt isbn” på omslaget med knæsje pastellfargar – det er mitt hemmelige pseudonym).

(men ikkje sei det til nokon.)

Kva er poenget med livet. Det skal eg ikkje eingong tenke på å svare på. Det vil seie, no har eg jo tenkt på akkurat det, eg skal ikkje lyge. Det skal eg ikkje svare på. For kven kan vel det. Men poenget med å spør kva poenget med livet er, derimot, er ikkje fullt så vanskeleg. Det er det der med å sjå ting i eit perspektiv, omtrent som når du snur ein kikkert. Bakvendtkikkert. På livet. På alt, for den saks skuld. Eg likar å kikke i bakvendtkikkert. Det einaste som er litt irriterande er at alt vert så knøttlite inni der, samme kor mykje meir ein kan sjå samstundes – det er så mykje svart rundt det vesle kikhólet som ein prøver å sjå gjennom at eg ofte endar opp med å irritere meg over at eg ikkje kan zoome inn på det eg faktisk vil sjå på. Zoome. Det er akkurat det som er poenget – dersom det finst nokon impresjonistar der ute fortsatt så kjem dei til å like det neste eg skal seie: Zooming er berre tull. Jo meir du zoomar, jo mindre ser du! Det er jo det som er så merkverdig – jo betre du ser, jo dårlegare ser du. Alt altså. Du ser meir av mindre og mindre av meir… istadenfor meir av meir og mindre av mindre. No er det slutt på impresjonismen for mange hundre år sidan. Folk har blitt flinkare til å mala, det viser seg jo. Og kva er vel vitsen no når du kan ta eit digitalt foto og foreviga femten megapixlar i tretti millionars fargedjupn. Då kan tippbarnebarna dine sjå at du hadde flass i augebryna. Informasjon. Berre tull. I denne samanhengen i alle fall. Utformasjon?

Kanskje det er lurt å bruka begge sidene av kikkerten nokre gonger. Ikkje veit eg. Men alle kikkertar har to sider av samme sag. Hadde einellerannan slik unge (jfr eit avsnitt langt oppi her) funne på å spør meg kva meininga, eller poenget, med livet var – så hadde eg kanskje sagt at poenget med livet er å spør seg sjølv om kva poenget med livet er.


Den vesle forskjellen

October 11, 2006

forskjellen
Eg vart nyfiken då eg kom over ei side som kunne tilby både bokmåls- og nynorskordbok nett istad. Den hadde ein loggfunksjon, som jo ikkje er heilt uvanleg, som lét oss sjå kva ord som vart søkt på sist nokon nytta ordboka.

Det siste bokmålssøket var “sex”, medan det siste oppslåtte nynorskordet var “verdspolitisk”. Så veit me omtrent korleis agendaen ligg.


Moskus

July 27, 2006

moskus

Forresten så er eg no ein opplyst person- moskus (dyret) er eigentleg ein slektning av geita. Moskusen er ei diger, hårete, antarktisk geit. Utan lukkemuskel.

Fortsatt god sumar…


Midt i tjukkaste torsdagsmorgonen

July 27, 2006

Bloggar har presentert eit heilt nytt fenomen for verdas internettbrukande generasjon: kravet om å skrive noko – jevnleg. Men kva gjer ein dersom ein ikkje har noko å skrive om?

Forslag vert mottekne med takk og geitebukk.


Slik kjenner eg meg no…

June 8, 2006

Nett no for tida er verda litt kaotisk. Eg likar å tenkje på det som ein situasjon der eg ikkje har mista oversikten, men heller ser ting ifrå eit litt forvirrande perspektiv… frå eit opp-ned perspektiv foreksempel. No har det igrunn vore slik over lengre tid, og eg byrjar å bli vand med å ha tilværet mitt slik. Går det an å bli vand til å sjå ting opp-ned? Tenk til dømes på dovendyret, som heng mykje opp ned – han må vel vera van med å sjå ting både opp ned og rett veg opp, om du forstår. Kan eg bli som dovendyret? Frå eit søvnmessig perspektiv så trur eg det skulle kunne gå greitt – er det noko eg kan så er det å sove. Men det var dette med å sjå ting frå fleire vinklar samtidig utan å bli forvirra…

Eg heng på greina mi og tittar ned på bakken der alt kaoset er, inntil vidare.