Kvifor er det slik, at i alle fall ein gong i ny og ne, så er det nett som ein har “flashbacks”?
Deja-vú: Kjensla av at noko som har skjedd før, skjer igjen nett no, til trass for at det den fyrste gongen eigentleg ikkje hadde skjedd likevel.
Eg har ein teori, men han er kanskje litt kompleks – det vil seie eg gjer han nok ekstra kompleks sjølv, for eg anar at det finst ei enklare forklaring enn den eg no skal legge i veg med.
Som barn, eksempelvis, så har ein hatt færre eksponeringar for ulike variantar av sanselege inntrykk, enn det ein har som vaksen. Katalogen i hjernen er stappfull av alle tenkelege lydar, stemningar, fargar, lukter osv som vaksen. Me har rett og slett meir erfaring med å sanse ting som vaksne. Og difor blir kvardagen gråare og gråare med alderen – færre nye, merksemdskjevjande inntrykk å forsere i løpet av ein dag. Me blir leie og trauste, som regn. Regn høyrest heilt fantastisk ut. Altså, værfenomenet regn er eg ikkje spesielt begeistra for, men berre lyden det lagar i seg sjølv gjer det nærast verd å gå ut, til trass for at det silar ned frå skyane. Stå litt og vri på hovudet, høyre korleis lyden av regnet forandrar seg når ein bukkar og svinger litt på nakken… det er ei slags meditativ oppleving. Som om ein kunne strekkja seg ut og fange eit sekund i lause lufta, men oppleve sekundet som noko uendeleg lenge. Lyden av trettitre tusen regndråpar som stuper mot bakken blir til ein, uendeleg stor og lang lyd. Slike opplevingar hadde eg ofte som liten. Færre no. Må det vera slik? Eg synest igrunnen at desse, mellom anna, er slike augneblinkar som liksom set frå seg spor bakover i mi eiga historie. Som vaksen vert det ferre slike spor per år. Kanskje tida går fortare som liten fordi det er kortare mellom slike augneblinkar – opplevingar som kan gå under fana for det klisjeaktige amerikanske uttrykket “awe inspiring moments”. For det er akkurat det det er – sekund med uendelege lydar, tida står stille og du får tak i noko som er større enn deg sjølv. At alt du opplever rundt deg har ei forbinding med blodet og pusten i kroppen din – som om du opplever ein sanseleg harmoni – at sansane smeltar saman slik som tonane i ein akkord.
Deja-vú, eller korleis det skrivast – dejá-vú var det kanskje…eller deja-vü…. Uansett korleis ein skriv det – dejá-vu – er som ein slags kortslutning i hjernen. Informasjonen frå alle opplevingar me har hatt, blei sortert og lagra ein stad i eit arkiv oppe i hjernen. Mesteparten er ikkje store greiene å samle på – som t.d. eit svartkvittbilete av eit munchbilete – og vert kasta relativt fort i boset. Det er trongt om plassen i hjernen, og dei gjennomsnittlege augneblinkane må gje veg til dei meir eksotiske og lagringsverdige. Eg antar at det er slik at alt som vert lagra i arkiva der oppe vert tidsstempla før dei hamnar i skuffa. Av lagringsverdige augneblinkar eg har hatt i livet så kan eg óg hugse når dei skjedde, for det meste. I dj-vu så er det ofte som om tidsstemplinga har gått skeis. Som om hjernen lagrar augneblinken med ein tidlegare dato enn “nett no”, og at han difor sender som respons på inntrykket at “dette skjedde for eit år sidan”. Då vert det heile brått meir alvorleg, og store spørsmål må stillast: “Er no nett no, eller er no før nett no.” Tidsopplevinga vår går i sirkel i ein uendeleg og umogeleg loop – som lys i parallelle speil.