fOkuS

January 2, 2008

Fokus kan vel bety fleire ting, men på det jamne så botnar dei vel alle i idéen om noko slikt som “sentrum for merksemd”. Altså – fokus = merksemd (oppmerksomhet, for eventuelle austingar). I fotografi, noko eg driv med og interesserer meg for i aukande grad, finn ein begrepet “depth of field”. Kva den nynorske oversetjinga er tør eg ikkje fabulere i, og uheldigvis for dei sneverspråklege lesarane mine så har eg diverre ikkje fått norsk-engelsk fotografiordbok til jol i år heller. Begrepet beskriv ein artig eigenskap som alle fotografi har, i alle fall om ein ikkje tuklar med dei. Det har seg slik at linsa på eit fotoapparat har eit fokuspunkt, på dei fleste linser er dette justérbart, noko mobiltelefonprodusentane tydeligvis ikkje er så opptekne av alltid. (Kva skal ein med 8 ihuga impresjonist-megapikslar?) Fokuspunktet (igjen har eg ikkje det nynorske ordet her) er det punktet (i djubdeperspektiv) som er skarpast samanlikna med alle dei andre punkta. T.d. kan eit objekt i nærfelt vera i fokus, medan bakgrunnen er “ute av fokus” eller “tåkete”. Så har det seg slik at jo lengre ein “zoomar” inn, jo større vert skilnaden mellom desse to, altså – jo meir tåkete vert det som ikkje er i maksimal fokus. Dette er eit artig fenomen, i alle fall om ein er interessert i det, då.Meir interessant vert det når ein tenkjer på at menneskeaugo bér akkurat samme eigenskapane som ei fotolinse. Jodå, me ser jo alltid skarpt på det me “siktar” på – og det skjer heilt automatisk. Med andre ord oppdagar me aldri at det me ikkje ser på er ute av fokus – nettopp avdi me ikkje ser på det. Enkelt, greit, forbanna fascinerande. Mennesket har fem, nokre meiner fleire, sansar. Det sensoriske systemet vårt er inndelt omtrentleg slik at 70% av merksemda går rett i synet, bokstaveleg. Den siste tredjedelen må dei fire (+) sansane dela på. Skremmande å tenke på at eg som lydteknikar i det heile har for vane å jobba med augo opne. Det vil óg seie at me har mykje lettare for å la synet styre opplevingane våre av noko – til dømes assosierer me ikkje synet av to bilar som kolliderer med ein kræsjlyd, men omvendt – me ser for oss to bilar som kræsjar når me høyrer lyden. Øyrene er lette å lure, det samme med lukta og dei andre “småsansane”. Men augene då? Uttrykket “å sjå syner” er jo godt planta. Å høyre syner er langt mindre vanleg – og at mange av oss luktar lukter er vel neppe framsidestoff. Lukte lunter er det noko som heiter óg, men lat oss no komme tilbake til den raude tråden som me har mista litt fokus på no – nemleg merksemdsteori. Me er vel alle einige om at dette med auget og fokus som eg har toucha borti over her stemmer – at ein ikkje kan fokusere på to ting samstundes. Verken i linser utanfor- eller inni hovudet. Men kva med heile systemet? Kva med ManOS X, som dei hardbarka mac-nerdane sikkert køyrer inni topplokka sine? Er det slik at hjernen, mennesket, personen (i hovud- eller birolle forsåvidt) ikkje er i stand til å tenke like klart på to ting samstundes? Ein kunne kanskje dra fram klisjéen om at kvinner kan gjere fleire ting på ein gong, medan menn ikkje kan det – total nonsense såklart (me kan jo både sjå på TV og drikke øl, eller køyre bil og snakke i telefonen) – men det vert litt for lettkjøpt i denne samanhengen.Kanskje kan ein tenke seg at merksemd/fokus kan sjåast som ei kake, som deretter må fordelast i kakestykke av proporsjonal storleik i forhold til dei prosessane hjernen skal ta seg av på eit gitt tidspunkt. Lat oss t.d. seie at det var mogeleg å frigjere all den tilgjengelege merksemda – altså 100% av ho – og rette denne mot éin enkelt prosess (og for å ta knekken på kverulantane her så drit me no i alle autonome prosessar) – til dømes grasklypping. Det er jo rimeleg å rekne med at graset ville fått ein strålande klypp om det var tilfelle. Men kva så om ein i tillegg skulle ha sex, altså i tillegg til grasklyppinga? No høyrest det kanskje ut som ein rar ting å drive med medan ein klypper graset, men her handlar det som vanleg om å setje ting litt på spissen. Kvifor akkurat desse to aktivitetane? Dei virkar kanskje som motsetningar eller vilt forskjellige ting, men kanskje har dei nokre fellestrekk som kan vera nyttige i dette eksperimentet – begge krev ein viss fysisk koordinasjon og retningssans, for å nemne noko. Vidare så er det ein viss andel sikting og djubdesyn involvert, utan at eg skal gå inn på for mange detaljar når det kjem til grasklyppinga. Uansett, det kan no vera det samme, for poenget er det at begge er relativt merksemdskrevjande prosessar – og utan tvil to prosessar som vanskelig let seg kombinere. Difor er det rimeleg å rekne med at kvar prosess vil “bruke opp” omtrentleg like store merksemdsandelar. Om det let seg gjere er i og for seg ubetydelig og ikkje nødvendigvis verdt å eksperimentere med. Motoriserte knivar og opptil fleire nakne personar på samme stad er neppe det luraste scenarioet for utprøving av merksemdsoppdeling i praksis, i alle fall ikkje på begynnarstadiet. Nok om det. Viss dette er mogeleg, (og då snakkar me om prinsippet i det å dele opp merksemd to to jamnstore bitar – ikkje hagearbeid), er det då slik at 50% merksemd er nok for å gjennomføra respektive prosessar normalt, eller vil begge verta “half baked” (jfr. førre posten)? Og er det slik at ein må tildele ein viss merksemdsandel til ein tredje prosess – nemleg det å konsentrera seg om å halde fokus på to prosessar samstundes? Om så, vil ein då “sløse vekk” proporsjonale mengder merksemd med antal prosessar ein har gåande samstundes? For å dra ein paralell – ei vanleg CD-plate med musikk er “full” etter 74 minutt, inkludert pausane mellom spora på 2 sekund. Om ein har eitt spor på plata kan dette vera 74 minutt – men om ein har 74 spor kan dei ikkje vera 1 minutt kvar, men berre 58 sekund. I sistnemnde tilfelle misser ein tilsaman 148 sekund, altså ca 2 1/2 min. med plass som kunne vore fylt med musikk istaden. Det var no berre ein tanke. Eller var det to? 

4 Responses to “fOkuS”

  1. idefixrex Says:

    No er det bevist. Det går an å ikkje sjå skogen for berre tre. Eller heiter det å mista fokus? Når eg tenkjer på det, så er det eigentleg kvart enkelt tre som er interessant og/eller vakkert, gult, grønt, raudt, sevjefylt, bevergnagd, god ved, frodig og godt å klatra i. Er skogen i det heile interessant, anna i det at han ER der (elles er det farleg for ozonet) eller IKKJE ER der (fytti: då eroderast og kvelast alt i CO2), for andre enn sunne ungar som leikar indianarar eller swingar bjørker eller fuglar og ekorn og barkebiller? Tenk deg EITT tre. Det blir då uråd å ikkje tenkja på kva slag tre det er (furu, eucalyptus, redwood, bjørk) når ein skal SJÅ det for sitt indre auga. DETTE treet er ei bjørk. Det har gode, faste greiner i nett fin avstand heilt til 20-meterstopps frå omlag kvinnshøgd (med unntak av EI merkeleg grein som stikk ut ved midja: den er til å lufta sengetøy og ryer på og til å gje korte menneske ein sjanse til å få starta klatreturen. Aha1! No ser du alt at denne bjørka står attmed eit hus! Er det eit gamalt hus, sidan det har ryer inni seg som vil luftast?). Denne bjørka er den første som blir grønsløra om våren. Den er også den første som raust drysser gult over plenen på seinsommaren. Aha2! Står den på steingrunn? Er det derfor telen ikkje har heilt tak i røtene på våren og der ikkje er vatn nok lengje nok i augustvarmen? No på vinteren er sjølvsagt bjørka luftig, rank, svart-kvit og enkel å klatra i til alle døgrets tider. God utsikt får ein også her i toppen og både godt mobilsamband og godt breidband: mot nord har ein i knallkulde nesten alltid nordlyset i flimrande gulkvite teppe; mot nordvest ser ein snøkanonene virilt i sky; mot vest er der gatelys langs E-vegen og endelause rekkjer av tungtransport; i aust meir lyd enn lys: i kveld var der tunge tramp av firfotingar der nede og dei kom frå åsen først. Det er litt rart, eigentleg, for dei plar berre koma når alt vatn er frose oppi åsen, ned hitforbi til elva og vatnet for å drikka. Dei stansa og trampa utanfor sove/arbeidrommet, som om det var ei rute dei har: hei, er du der? Her er me! I kveld høljregnar det. Bjørka er pinnfrosen. Det har eg ikkje tenkt på nokon gong, at det skjer i bjørker også, som i bakken: det er botnfrose her. Ganske mange gode trøkvistar knakk. Etter at regnet kom, er det blitt nokså glatt, spesielt på dei større greinene, nett som på tunet. Den til ryene er sikkert heilt glasert. Skal tru om salt hadde skadd bjørka? Sand hadde sikkert ikkje vore til skade, men den hadde nok berre rausa i bakken, 20 meter ned, heilt unyttig og berre til skade for Hondagrasklypparen til sommaren. Laika lurer nok på vedhentinga no, eller kanskje ikkje. Eg gav henne 2 Rimadyl i stad, for ho gikta så fælt, så kanskje ho søv. Ho har aldri klatra i bjørka, ikkje det eg veit, ikkje fysisk, men kanskje ho har vore her i tanken sin? Første Laika i Bjørka! BjørkeLaika! Kattar klatrar jo? Regn kan også vera ganske kaldt, midt i varmegradene. Viss bjørka hadde vore botnfrosen, hadde den nok vore død, og det har eg sett mange gonger at den ikkje er likevel. Der finst sikkert ein liten varme inni stammen der, ein liten stråleomn som fortel bjørka at det står til liv. Viss eg klorar og grev litt, t.d. der som det visst har vore ein kvist før, så finn eg den nok. Omnen. Livet. I bjørka.

  2. yngvis Says:

    Var ikkje dette eigentleg min blogg? :p

  3. Mammo Says:

    Trudde du at du var den einaste av dei to lesarane dine?

  4. idefixrex Says:

    Og no prøvde eg ærleg å fjerna innblandinga mi over i bloggen min, men det gjekk ikkje. D.v.s. at det gjekk å få den inn i min eigen blogg, men det gjekk ikkje å ta den bort herifrå. Sorry ;(


Leave a Reply