Archive for January, 2008

dynamisk tidsforståing og -handtering

January 23, 2008

 Ja så var me her igjen då, eg og du som les. Heldigvis er det eg som skriv, og ikkje du, då veit eg slettes ikkje kvar eg hadde teke galne svingen. Men, til saken. Lat oss skrida til verker, eller nokonstad deromkring. Idag tek eg for meg eit kjent, men uutforska fenomen. Jadå, det er reine skjære empiriske pønskinga, herleg friteken frå alt som heiter fakta. Igjen. Tid er eit vrient nok tema i seg sjølv. Men me har ikkje tid til å stoppe der, neidå, me skal rett inn i kvantetikken. Du skjønar kanskje allereie at det er kronglæ å ordlegga seg når ein skal debattere (på eiga hand, ikkje minst) rundt temaet tid, då kan ein liksom ikkje skilje mellom tid som tema og tid i vanleg tyding (eg har dårleg tid, t.d.). Kva er no det, forresten, dette med dårleg tid? Det bankar ein liten nisse på her no, og lurer meg på om ikkje eg har skrive om akkurat det før, men lat no det vera med tanken. Om tida di er god eller dårleg får vera opp til deg, men mi tid er for det meste god sjølv om ho er dårleg, om du kan stokke på plass den setninga slik at ho gjev meining og kan verte fruktbar.Det var dette med tidsforståing. Lat oss eta litt på det no først. Om tid er noko me alle opplever individuelt (“Physical time is public time, the time that clocks are designed to measure. Psychological time is private time.” som eg les i ein artikkel her). Privattid er viktig, mor mi kallar det “åleinetid” eller noko slikt. Det trur eg det er sunt å ha. Utan hadde det ikkje vore mykje av denne spalta i alle fall, det kan eg love og prise. Tid er noko ein har tenkt mykje på oppigjenom tidene. Me har, jfr artikkelen eg nemnde, faktisk tenkt på tid i 2500 år allereie, og “takka vere det så forstår me tid mykje betre no”. Ja, det skulle då berre mangle. Eg trur beint eg lærde meg klokka på under eit halvår, faktisk. Månadane og, tilogmed om det ikkje hadde gått eit heilt år frå eg starta til eg kunne dei på rams. Enkelt og greit, det er berre å tela alle ti fingrane og to føter så har ein i det minste antalet. Verre med fylka i Noreg. Det er ikkje rart amerikanske ungar har lågare snitt-IQ enn andre når dei skal telje til 50 med berre 20 kroppsdelar som stikk ut å telje på (nokre fleire enn andre, sjølvsagt).Tidsforståing. Eg rotar meg vekk, forstår du. Det er så mykje ein skal ha tid til å tenke på, eller skrive om – og i denne samanhengen begge deler samstundes (og då vert det trongt om plassen, kan du tenke deg, eg er jo mann). Ein liten spiss ein der, lat no det gå. Tid har me alle saman. Nokre meir enn andre, nokre betre enn andre (jfr. Ord og Uttrykk, 2.utgåva, side 71, avsnitt 4) om ein skal tru faglitteraturen. (Kven veit kva du finn om du slår opp den referansen – eg sjansar på at ingen tek seg bryet men tar det for god fisk, slik ein ofte gjer i doktoravhandligar notildags). Tidsforståing er vrient, eg forstår knapt kva det er sjølv, men lat oss no ransake dette fenomenet litt før me hiv handduken:Tid kan vera to ting, i all hovudsak. Tid, og mi tid. Det høyrest kanskje dumt ut, men dei er sjeldan på bølgelengde og snakkar ikkje på langt nær samme dialekt. Viss Tid er ein romsdøling så må Mi Tid vera sjøsame eller denslags. Me kjenner oss alle igjen i dette – alle har god tid, men ikkje du. Eller omvendt. Det er sjeldan anten eller. Eg forstår ikkje tid. Det er eit forvirrande, og forstyrrande, element som stadig vekk kjem og skal rive opp røter på ting eg nett har planta. Om ein berre hadde alltid(a), så ville alt ordne seg, ville det ikkje det? “Tiden leger alle sår” osb.? Eg er ikkje så sikker. Sjølv er eg oppteken av meistringskjensle, i det minste underbevisst eller litt sånn baki hjernebanken der ein stad. Og eg trur, synd som det er, at mykje av den kjensla kjem frå konseptet deadline. Ikkje berre kan eg, men eg kan SÅ fort. Utan å gå på akkord med verken meg sjølv eller kvaliteten på det eg driv med. For kva skal ein ellers måle kvalitet i? Om ein hadde hatt allverdas tid på å gjere noko ferdig, så vert marginen for å klare det så stor (eller lang) at fleire ville klare det, og dermed er pokalen mindre attraktiv? Hadde eg berre hatt tida til hjelp så kunne eg vel fått til det meste, ja kva kunne eg vel ikkje fått til DÅ? Nei, det handlar om ein slags kombo. Skill and efficiency, som dei ville sagt utomlands. Samtidig så er det vel fare for at ein, om tida vert sett til sides, misser eindel saker og ting. Til dømes det å vera sporadisk. Kvar er vel gleda i at alt skal vera gjennomtenkt, eller planlagt? Eg er i det minste meir sporadisk når eg har “dårleg” tid, kjenner eg meg rett. Det er tungt stoff å tyggje, dette. Me får ta oss tid til å tenke på det ein gong?  

fOkuS

January 2, 2008

Fokus kan vel bety fleire ting, men på det jamne så botnar dei vel alle i idéen om noko slikt som “sentrum for merksemd”. Altså – fokus = merksemd (oppmerksomhet, for eventuelle austingar). I fotografi, noko eg driv med og interesserer meg for i aukande grad, finn ein begrepet “depth of field”. Kva den nynorske oversetjinga er tør eg ikkje fabulere i, og uheldigvis for dei sneverspråklege lesarane mine så har eg diverre ikkje fått norsk-engelsk fotografiordbok til jol i år heller. Begrepet beskriv ein artig eigenskap som alle fotografi har, i alle fall om ein ikkje tuklar med dei. Det har seg slik at linsa på eit fotoapparat har eit fokuspunkt, på dei fleste linser er dette justérbart, noko mobiltelefonprodusentane tydeligvis ikkje er så opptekne av alltid. (Kva skal ein med 8 ihuga impresjonist-megapikslar?) Fokuspunktet (igjen har eg ikkje det nynorske ordet her) er det punktet (i djubdeperspektiv) som er skarpast samanlikna med alle dei andre punkta. T.d. kan eit objekt i nærfelt vera i fokus, medan bakgrunnen er “ute av fokus” eller “tåkete”. Så har det seg slik at jo lengre ein “zoomar” inn, jo større vert skilnaden mellom desse to, altså – jo meir tåkete vert det som ikkje er i maksimal fokus. Dette er eit artig fenomen, i alle fall om ein er interessert i det, då.Meir interessant vert det når ein tenkjer på at menneskeaugo bér akkurat samme eigenskapane som ei fotolinse. Jodå, me ser jo alltid skarpt på det me “siktar” på – og det skjer heilt automatisk. Med andre ord oppdagar me aldri at det me ikkje ser på er ute av fokus – nettopp avdi me ikkje ser på det. Enkelt, greit, forbanna fascinerande. Mennesket har fem, nokre meiner fleire, sansar. Det sensoriske systemet vårt er inndelt omtrentleg slik at 70% av merksemda går rett i synet, bokstaveleg. Den siste tredjedelen må dei fire (+) sansane dela på. Skremmande å tenke på at eg som lydteknikar i det heile har for vane å jobba med augo opne. Det vil óg seie at me har mykje lettare for å la synet styre opplevingane våre av noko – til dømes assosierer me ikkje synet av to bilar som kolliderer med ein kræsjlyd, men omvendt – me ser for oss to bilar som kræsjar når me høyrer lyden. Øyrene er lette å lure, det samme med lukta og dei andre “småsansane”. Men augene då? Uttrykket “å sjå syner” er jo godt planta. Å høyre syner er langt mindre vanleg – og at mange av oss luktar lukter er vel neppe framsidestoff. Lukte lunter er det noko som heiter óg, men lat oss no komme tilbake til den raude tråden som me har mista litt fokus på no – nemleg merksemdsteori. Me er vel alle einige om at dette med auget og fokus som eg har toucha borti over her stemmer – at ein ikkje kan fokusere på to ting samstundes. Verken i linser utanfor- eller inni hovudet. Men kva med heile systemet? Kva med ManOS X, som dei hardbarka mac-nerdane sikkert køyrer inni topplokka sine? Er det slik at hjernen, mennesket, personen (i hovud- eller birolle forsåvidt) ikkje er i stand til å tenke like klart på to ting samstundes? Ein kunne kanskje dra fram klisjéen om at kvinner kan gjere fleire ting på ein gong, medan menn ikkje kan det – total nonsense såklart (me kan jo både sjå på TV og drikke øl, eller køyre bil og snakke i telefonen) – men det vert litt for lettkjøpt i denne samanhengen.Kanskje kan ein tenke seg at merksemd/fokus kan sjåast som ei kake, som deretter må fordelast i kakestykke av proporsjonal storleik i forhold til dei prosessane hjernen skal ta seg av på eit gitt tidspunkt. Lat oss t.d. seie at det var mogeleg å frigjere all den tilgjengelege merksemda – altså 100% av ho – og rette denne mot éin enkelt prosess (og for å ta knekken på kverulantane her så drit me no i alle autonome prosessar) – til dømes grasklypping. Det er jo rimeleg å rekne med at graset ville fått ein strålande klypp om det var tilfelle. Men kva så om ein i tillegg skulle ha sex, altså i tillegg til grasklyppinga? No høyrest det kanskje ut som ein rar ting å drive med medan ein klypper graset, men her handlar det som vanleg om å setje ting litt på spissen. Kvifor akkurat desse to aktivitetane? Dei virkar kanskje som motsetningar eller vilt forskjellige ting, men kanskje har dei nokre fellestrekk som kan vera nyttige i dette eksperimentet – begge krev ein viss fysisk koordinasjon og retningssans, for å nemne noko. Vidare så er det ein viss andel sikting og djubdesyn involvert, utan at eg skal gå inn på for mange detaljar når det kjem til grasklyppinga. Uansett, det kan no vera det samme, for poenget er det at begge er relativt merksemdskrevjande prosessar – og utan tvil to prosessar som vanskelig let seg kombinere. Difor er det rimeleg å rekne med at kvar prosess vil “bruke opp” omtrentleg like store merksemdsandelar. Om det let seg gjere er i og for seg ubetydelig og ikkje nødvendigvis verdt å eksperimentere med. Motoriserte knivar og opptil fleire nakne personar på samme stad er neppe det luraste scenarioet for utprøving av merksemdsoppdeling i praksis, i alle fall ikkje på begynnarstadiet. Nok om det. Viss dette er mogeleg, (og då snakkar me om prinsippet i det å dele opp merksemd to to jamnstore bitar – ikkje hagearbeid), er det då slik at 50% merksemd er nok for å gjennomføra respektive prosessar normalt, eller vil begge verta “half baked” (jfr. førre posten)? Og er det slik at ein må tildele ein viss merksemdsandel til ein tredje prosess – nemleg det å konsentrera seg om å halde fokus på to prosessar samstundes? Om så, vil ein då “sløse vekk” proporsjonale mengder merksemd med antal prosessar ein har gåande samstundes? For å dra ein paralell – ei vanleg CD-plate med musikk er “full” etter 74 minutt, inkludert pausane mellom spora på 2 sekund. Om ein har eitt spor på plata kan dette vera 74 minutt – men om ein har 74 spor kan dei ikkje vera 1 minutt kvar, men berre 58 sekund. I sistnemnde tilfelle misser ein tilsaman 148 sekund, altså ca 2 1/2 min. med plass som kunne vore fylt med musikk istaden. Det var no berre ein tanke. Eller var det to?