(a)post(e.l.)

December 11, 2007

Ofte går eg i tankar. Som andre går eg også med klede, sko osv, men i tillegg altså i tankar. Mine eigne, som oftast, men stundom i andres óg (som ikkje alltid er like nøgde med den ordninga, for kven sine tankar skal dei då gå rundt i?). Utan å gå vidare inn på korleis ein kan gå i tankar så skal me bryte laus på dagens epistel eller kva eg no skal kalla det – dei er ofte skrivne på nattestid desse. Kanskje apostel er betre – alle skriv jo epistlar, så i eit forsøk på å skilje meg litt ut kan eg jo late meg sjølv falle i freisting for å skrive apostlar. Som ord er det vel ingen tvil om at apostel fungerar betre på eit internasjonalt plan, om ein stykker det opp litt – a post. Stort nærare korrekt kan ein vel strengt tatt ikkje komme. Endinga, -el, kjem naturlegvis frå det nordvest-semittiske begrepet “el”, som tyder Gud. Samansett skulle det altså bli noko slikt som Gud-Blogg, som i alle fall delvis peikar attende til ordets opprinnelege tyding. Inntil vidare kan me konsentrere oss om dei fyrste to delane, og setje Gud på tredjeplass. Ja- for religion er vel ei tertiærnæring no om dagen? Primærnæring er det i alle fall ikkje, no når folk ikkje kjøper vin-og-brød-konseptet lengre. Sekundærnæring kan me vel óg stryke (for deg som lurar fell bl.a. transportverksemd inn under sekundærnæringane), for religion kjem ein tydelegvis ingen stader med – om ikkje bakover, då. Eit relativt nytt konsept er kvartærnæringane, eit vekstområde som innbefattar t.d. informasjonsteknologi, forskning og bibliotek. Religion har lite til felles med desse, og er strengt tatt ikkje noko vekstområde heller? Nok om det, eg måtte no kalle denne posten for noko og vart litt ordfiken. Me får komme oss til saka medan stemninga framleis er på ei stigande kurve her:

Kva ville vel Jesus’ tolv epistlar ha sagt, fekk dei sjå oss idag? Kva hadde dei vel i det heile vore, om dei var, idag? Trur du ikkje dei hadde vore epostlar? Og kva nytte hadde dei vel vore om det berre var tolv av dei, hud og flesk, med godt oppunder sju millardar fortapte sjeler å besøke? Det må nærast vera ein epostel til kvar av oss, skal det virke. Så fort som allting går for tida har ein heller ikkje tid til noko skrifting med lange angrefristar – ein sms vert tilogmed i lengste laget, om ikkje “ok” var tilstrekkeleg då. Nei, korte og brutale måtte dei vera, med powerpoint-vedlegg som åtvarar om kor nådelaust ixus, kasus og e-sus skal herje med dei som ikkje vidaresender til minst 25 andre på kontaktlista si innan eit døger? Skjersilderen og syndeflodhesten er utdaterte forlengst – gje oss noko religion som er meir praktisk å leve med/av. Det må oppdaterast – Gud 2.0. – med slutooth og trådlaust veibånd. Sølibatet får me ta stilling til ved eit seinare høve – dei fleste gjer jo det.

2 Responses to “(a)post(e.l.)”

  1. idefixrex Says:

    Eller var det Halleluja eg meinte?


Leave a Reply