
Steinalderen veit eg lite om. Og det kan igrunn vera like greit, kanskje, for det er visst nok av andre der ute som veit mykje om han. Korleis dei veit det skal eg ikkje henge meg opp i – kanskje dei har funne ei slags 6000 år gammal wikipedia der alle fakta står skrivne opp, søkbare og lett tilgjengelige. (Eit funn som det naturlegvis var best for alle om ein ikkje offentleggjorde – om dei hadde vist ho fram så ville arkeologane vore arbeidslause, og 2007-mannen hadde ikkje hatt stort å lure på). Okke som så unnar eg steinaldermannen ein tanke og to idag. Éin ting veit eg, steinaldermannen var ein kar for seg sjølv. Ikkje berre var han uvitande (og viktigare, uavkorta fri frå) av lån, monogami, klimapolitikk og verre ting, men det er godt mogeleg at han aldri kunne forestille seg kva desse tinga var – eller skulle bety – åtte tusen åre seinare. (Det skal vel noko til – veit du om ein profet frå 6000 f.k. som kunne fortelle at me i 2007 skulle betale for ekstra knudrete kondomar – med magnetiske plastikkbitar?). Eg trur me treng eit nytt perspektiv på dette med å tenke “forut for si tid”. No om dagen er det godt gjort å forestille seg kva som skjer neste veke, om ikkje ein skal tenke på kva i all verda som skjer i år 8007 – viss det er noko verd att, då. Nei – kva tenkte steinaldermannen på? Kva slag mental pest hadde han sitjande mellom tinningane då han sjølv satt på ei tue ved vatnet og kikka utover? Det skal eg ikkje legge meg opp i, heller. Men det eg faktisk lurar på – og her kjem det – er kva han tenkte då han for fyrste gongen kikka ned i ein dam eller eit vatn og såg seg sjølv for fyrste gong. Langt meir presist – kva tenkjer ein fyrste gongen ein ser seg sjølv – det vil seie, altså den fyrste gongen ein ser seg sjølv og forstår kva ein ser. Eg er sikker på at dette er langt meir interessant for vaksne menneske å oppleve – altså å sjå seg sjølv i spegelen/vatnet for fyrste gong – enn for småborn. Kvifor? Nei det kan eg ikkje svare på nett no, men om du tenkjer deg om så trur eg du kan vera med på at det hadde vore spennande å gå inn på badet og sjå seg sjølv for fyrste gong – nett no. Kanskje fordi du har ei sjølvkjensle, ein slags ambulerande idé om kven du er og kva du står for, mykje sterkare enn nokon andre har, men likevel så er det fyrste gongen du kikkar deg sjølv inn i augo og får servert ei biletleg manifestasjon på alt som du sjølv trur du er. Og så, i den augneblinken du kikkar deg sjølv i augo – noko som, for dei som ikkje har prøvd enno, er ei både vanskeleg (praktisk) og svært spesiell (elles) oppleving. Vel, DET kunne eg godt tenke meg å prøve ei gong. Ein får håpe på ein slags visuell variant av hukommelsestap inntil vidare….
December 11, 2007 at 12:26 am
Lunden livnar i leine lier
lasken luskar i lork og lei
aldri eldar vel ask og vier
alltid ventar jo vinst for grei