Archive for November, 2007

Han som ventar på noko godt

November 27, 2007

Øltempen

Ja så er det visst tett på eit år sidan sist eg skreiv noko her. Det skulle ikkje forundre meg om minst éin av dei to faste lesarane mine har slutta å kikke innom og – her må det jobbast hardt for å bygge opp att fanbasen.

Du trur kanskje at eg har ein heil masse å skrive om, no når det er så lenge sidan sist? At eg har spart og samla på alle tankar som ikkje lot seg strukturere og tilpasse andre kanalar? Med fare for å miste min siste fan så må eg nok skuffe der óg. Nei, eg har bestemt meg for å starte i ein ende og fare gjennom alt som dett inn undervegs, som vanleg. Og kva passar vel betre enn å angripe miljøet. Eg tek ein råsjans no, for det er kanskje ikkje det mest brennande heite temaet om dagen, men eg tør ikkje risikere å vente stort lengre – eg må skriva om det medan det framleis er noko att av det. Ja, du skjønar kanskje korhen dette er i ferd med å ta vegen? Eg har vel ikkje det mest solide grunnlaget for å uttale meg om miljøsaker, men eg trudde då eg var noko meir velinformert enn eg har oppdaga at eg er. Det heile starta med Al Gore (ikkje-presidenten) sin film “An Inconvenient Truth” (eller “en ubehagelig sannhet” som han så kløktfullt har vorten oversett som). Ein kan sei kva ein vil om propaganda og forvridde statistikkar, men noko fortel meg at denne mannen stort sett har reint mjøl i sekken. Bukken og havregryna er eg ikkje i det heile bekymra for, i den avdelinga har jo han andre presidentkandidaten fått fotfeste forlengst. Men det var dette med miljøet. Kva er no det? Jo det kan vel vera eit stabburfullt av ulike saker og ting, men i denne samanhengen er det varmegradene som betyr noko. For det er skremmande at nok ein gong, i vinter som i fjor vinter og året før, finn eg meg sjølv ståande på tunet ein mandagsmorgon med tanken “det var jo metervis med snø då eg var liten”. Med min nokolunde beskjedne alder så er jo det heller ikkje så lenge sidan, me treng ikkje lengre tilbake enn på 80-talet. Har bilkøyringa mi noko med snøforekomstane å gjera? Ein vert jo ståande å lure, medan varmlufta prøver å tine opp frontruta (og med ein steikespade som skrape, fordi skrapa har forsvunne sporlaust).

Altså, viss det er slik at snøstanden synk for kvar gong eg set meg i bilen, kva skjer då når det er heilt tomt for snø? Er det ein eller annan slags stand som vert påverka? Eller ein BEstand kanskje? Kva med reinBEstanden eller ulveBEstanden? Dei vert jo mindre dei og, sjølv om eg nok må stilla meg skeptisk til at akkurat desse er relaterte til bilbruken min. Ein kunne t.d. laga seg ein graf (for der det er statistikk vert det graf – dette har eg lært i utlandet) som viser forholdet mellom diverse, t.d. snøstand og kilometerstand eller nokodenslags. Er det kanskje slik at jo meir me menneske tek oss til, jo mindre vert det att av alt det andre? Det må vera ein slags naturlov (passande namn?) som beskriv denne type forhold. T.d. er det vel slik at når du tømmer øl over i eit tomt glas, så minkar luftBEstanden oppi glaset? For å gjera plass til ølet, altså? Med andre ord, jo fleire kilometer taksameteret i bilen viser, jo mindre snø får eg? Og allikevel betalar me skjorta og eine sokken for bensinen, som om ikkje det var nok at me “køyrer vekk” snøen vår. På den andre sida så brukar jo bilen bensin, og det kan virke som at denne vert erstatta med proporsjonale mengder regn. Fornybar nedbør, som dei kallar det i kraftbransjen. Eller var det pengar? Der ligg det også noko som plagar meg litt – eg synest det er slik at kraftprisane aukar. Ok, ingen overraskingar der, men kva aukar det i takt med? Før var det slik at straumen var dyr når det var lite vatn att å lage straum av. No er det slik at jo meir britane brukar straum, jo meir betalar me for samme straumen – uansett kor mykje vatn me har. Så mykje som me køyrer bil for tida så skulle ein tru at straumen vart nesten gratis om dei hadde rekna på gamlemåten. Desse kraftfolka har fått til noko heilt spesielt – kanskje kan ein kalla dei opportunistar, men eg må berre lena meg tilbake i rein beundring kvar gong dei skrur opp prisen… og at dei slepp unna med det?? Heilt fantastisk. Men tilbake til saken. Det var dette miljøet. Huff for eit vær har me sagt i hundrevis av år, me pratar jo stort sett om været når me ikkje veit kva anna me skal snakke om. Kva er no vitsen med det? “Det regnar fælt idag” kan ein sei, som ein “icebreaker”. Men kva svar får ein? “Ja, det regnar fælt”. Snakk om grunnlag for vidare samtale. Og heilt meiningslaust i utgangspunktet, for dei har jo begge sett kor fælt det regnar, lenge før det hamna på samtaleagendaen. Miljø ja, det snakkar me ikkje så mykje om. Me er ikkje langt unna, med været altså, men kanskje er det eit vrient tema å prate om – og kanskje er det så vrient nettopp fordi dei aller fleste ikkje har peiling på det i det heile. Sett bilen heime, ta bussen, seier dei. Det har me høyrd alle ihop. Ingen gjer det, såklart, for tenk om me møter ein vilt frammand person på bussen? Kva gjer ein då? Slå av ein samtale om været? Me er jo livredde for framande, spesielt på bussen (kva i all verda er det som gjer DET?). Det er nesten så ille nokre gonger at eg lurar på kvifor busselskapa framleis har bussar med dobbeltsete. Dei hadde fått fleire passasjerar med tre enkle rekker enn to doble, for halvparten er i bruk til transport av vesker, aviser, hanskar, paraplyar – eller det ein måtte ha med seg for å forhindre ubedde gjester på nabosetet. Er det rart at me sitt aleine og kjedar oss om kveldane iblandt? Viss ein er livredd for å møte folk, så seier det seg sjølv at utviklinga på den fronten er rimelig laber. VenneBEstanden altså, som er omvendt proporsjonal med antall sete-reserverande gjenstandar ein har med seg på bussen til eikvar tid.