Så var det dette med vatnet

November 8, 2006

Begge mine to lesarar er lokale, og les difor lokalavisa. For dei av dykk som har forvilla seg langt nok vekk frå sivilisasjonen til å finne denne posten så er historia kort: det lokale vassverket er no godkjent produsent av to ting – vatn, og koliforme bakteriar (ein slags politisk neddyssa ond tvillingbror av e-coli). Denne kombinasjonen kan vel seiast å vera relativt uvanleg, om ikkje den fyrste i sitt slag. Personleg har eg ikkje døydd av noko slags koli, og kjenner meg igrunn ganske bra etter å ha supa i meg litt koliformt vatn ved fleire høve. Så ingen grunn til bekymring der altså. Neida – bekymringa mi er rett og slett av rein økonomisk natur. Ikkje økologisk. Teorien er enkel, og held vatn. Dettte koliform bakterie-stuntet som Voss Vass (eller kva dei heiter, sleipingane) no har sett igang “kostar mykje pengar” kan ein lese. Og forstå – koliforme bakteriar har jo ikkje akkurat rykte på seg for å berre dukke opp sånn heilt av seg sjølve i vassreservoar og pumpesystem og gudveitkvavatnetkjemifråoggjennom. Det er ei investering frå VossVas si side – og investeringar kostar pengar. Det seier seg sjølv. Kort og greit så lurar eg no på kva slags bakevje-oppvaksen gnitarluring som har funne på dette prosjektet. For det er igrunn ganske glupt. Igjen trengs det litt lokalkunnskap, og til opplysing for dei som igjen har rota seg vekk på nettet og funne fram hit så skal det seiast at no er de verkeleg ute på djupt vatn. Vosj (Voss på austkantsleng) Kommune har nemleg ikkje vassmålarpåbod lengre. That’s right folks, her er det berre å flytta til stan sporenstreks – her er det pengar å spara og nok koliformt vatn til alle som vil ha. Eg tippar, og dette er den delen av teorien som slett ikkje held verken vatn eller bakteriar, men som malar oldemor på veggen og ropar ulven på håra så ein får einstemmig svar, eg tippar altså. Setninga vart for lang, eg prøver igjen: Eg vil tru (sjåderja no vart det med ein gong leseleg). Pokker. EG vil tru at det no snart vil komma (svært diskrét, eller ekskrét for å setja ordet på strupen) eit forslag om påbudt KBM i alle husstandar. Koliform-Bakterie-Målar. Og koliforme bakteriar kostar grisen og flesket og noko attåt. Liter på liter, ja fleire kubikkmeter i året, med koliforme og antiforme og kanskje tilogmed antikristne bakteriar – som ein sjølvsagt må betala for. I bøtter og spann, for å sei det slik. Finst det ein Vassminister som nyleg har mista ein s i tittelen sin? VASminister? Eller er han nedgradert til vassMINSTer… kva er dette for noko? Me kan ikkje finne oss i at vassverk eller kommunar eller kvensomhelst skal drive å putte koliforme eller kolimegkorduvil-bakteriar i verken drikkevatn eller dusjvatn eller dassvatn for alt eg bryr meg. Skal me drive å dra snora halvvegs ned for å spare på bakteriane, er det det som er saken? Eg trudde heile vitsen med å dusje t.d. var å bli kvitt dei ein hadde på kroppen frå før, om ikkje ein skulle drive å smøre seg inn med fleire (som ein betalar for!). Det er sikkert meirverdiavgift på svineriet og – eg kunne godt tenke meg å høyre ein minster, vera det seg ein vassminister, kulturminister eller berre ein mister, forklare korleis det kan forsvarast.  Nei dette her drit eg i.

One Response to “Så var det dette med vatnet”

  1. idefixrex Says:

    Beatboxarane er det nye Håvamålfolket, seier eg. Allitterasjon over heile fjøla. Ikkje langt unna her, du.


Leave a Reply