
Ein av dei to som les denne bloggen (eksklusive meg sjølv) sa til meg her i ettermiddag at eg ikkje måtte vera så filosofisk i bloggen min. Tenk om eg skulle mista halvparten av lesarane mine, det kan eg ikkje risikere. På den andre sida så veit eg at den andre lesaren min godt likar filosofiske postar. Eg skjønar no at eg nok ein gong har snubla inn i eit hjørne, gjerne med rumpa først slik som teikneseriefigurar ofte gjer når dei malar golvet. Her finst heller inga dør ut av rommet, naturlegvis. Kva gjer ein då? Jo, då er det vel berre to ting ein kan gjera; å vente eller ikkje vente. Eg er godt kjend for det store tolmodet mitt! – Men kanskje endå meir kjend er eg for at eg stadig vekk ikkje nyttar det. Ro i hovudet, maur i ræva. Betre det enn ro i ræva og maur mellom øyrene, skulle ein tru. Eller kanskje ikkje – dette er vel til dels yrkesbetinga, som alt anna. Men no skal eg ikkje falle for freistinga å bli heilt filosofisk her – me må nok spore av til det banalt enkle att. Hårvekst, øl og fising. Summen av hår er konstant – dei berre flyttar seg. Som oftast startar det på hovudet og så renn det liksom nedover litt sånn etterkvart som åra går. Det er kanskje lettsindig å tenkja at dette har noko slags proporsjonalt forhold til ølforbruk og fising å gjera, sidan dei liksom passar som fot i hanske akkurat der – men me skal ikkje begå den feilen å dra usømelege konklusjonar eller slutningar sånn heilt utan nokon grunn. Me kan, derimot, dra usømelege konklusjonar dersom me har ein god grunn, som til dømes at me har spesielt lyst til å dra usømelege konklusjonar. Slik vert det og forsvarleg å bortforklare ein såpass meiningslaus post i bloggen med at han er filosofisk fundert (på). Eg tenkjer ofte på utrykket “medaljens bakside”. To sider av samme sak, om du vil. Det er igrunn alltid meir enn to sider av samme sak, om ein skal vera ganske streng på det – det er faktisk heilt uendeleg med sider på alle saker, både fysiske og ikkje-eksisterande (eller abstrakte, for dei som har anlegg for å tenke på ting som ikkje finst). Men tilbake til medaljen – kva er så baksida på medaljen? Vil ikkje det alltid vera den sida du ikkje ser på? Kva så om du ser på han i eit speil – med andre ord frå begge sider samstundes – ja kva då? Kor meiningslaust er ikkje det, å stå foran eit speil og sjå på ein medalje? Det er omtrent like dumt som å sjå på ein mynt, for eksempel ein femkrone, istadenfor å putte han i lomma til du treng han – til dømes for å betale noko (som jo er heile meininga med mynten i utgangspunktet). Eller ta t.d. måleri – i alle fall dei fleste som eg veit om har berre ei framside. I alle fall veggmåleri. Kroppsmåleri vert noko litt anna. Det er vel strengt tatt liten vits i å male noko på begge sider dersom den eine sida likevel vert hengande inntil ein vegg der ingen ser han? Alle jenter har ei bakside. Alle menn og, forsåvidt, men det har ikkje eg tenkt å vie noko større tid til her. Eg nemde litt oppi her at eg stadig vekk tenkjer på denne baksida av denne metaforiske medaljen (for dei som ikkje greier å tenkje på abstrakte (ikkje-eksisterande) ting så må eg diverre opplyse om at det vil vere heilt bortkasta å lese vidare. Prøv t.d. www.vg.no viss du kjenner det er litt luftig i toppetasjen.). Ikkje lenge etter eg har tenkt på baksida av medaljen, så slår det meg kor heilt utrulig sjølv-deprimerande perspektivvala våre ofte er – eg skal vedde på at minst 70% av tankekapasiteten til eit gjennomsnittleg menneske går med til å tenke på problem, hindringar, mulige katastrofar og andre uhumskheiter. For meg så kokar det ofte ned til eit meir konkret, men likevel filosofisk fundert (pun intended) dilemma: å vente eller ikkje vente. Det endar som oftast opp med at eg ikkje ventar. Det er det fleire gode grunnar til:
1. Venting er kanskje det kjedelegaste i verda. Alle dei andre alternativa er kjekkare.
2. Den som ventar på noko godt ventar ofte for lenge og dermed forgjeves.
3. Alle gode ting skjer der og då. Der og då kan vera her og no.
4. Når veit du at det er lurt av deg å vente? Og kva er den treigaste måten å finna det ut på?
5. å vente stammar frå “vent” som opprinneleg beskriv eit luftehol i eit biologisk system (t.d. ein kropp) for utslepp av gassar 6. Venterom. Rom dedikert til dei som ikkje har vett til å få unnagjort ting med det samme.
7. Kø. Kva gjer du i kø? Ventar. Likar du kø?
8. “Endeleg….” forsvinn frå vokabularet viss du aldri ventar på noko.
9. Sjå på dei religiøse som venta 2000 år på at nokon skulle bli gjenfødt. Sjå kva dei fekk? ” …vennligst prøv igjen senere.”
10. Har du venta på eit godt poeng heile vegen gjennom 1-9? Då kjem det no: Det var ikkje verdt det.
11. Viss du aldri ventar på noko godt så veit du heller ikkje kva du går glipp av, og dermed er du like glad samstundes som du slapp på ta sjansen på at det kanskje ikkje kom noko godt likevel.
12. Karius og Baktus venta på loff, men fekk tannlege. Barnehistoriar har høg moralføring og moral er til for å lære av. Stol på Egner.
13. No er denne posten over, og du har heilt sikkert venta og venta på eit poeng.
October 28, 2006 at 9:07 pm
Punkt 2 er eigentleg: Den som ventar forgjeves, ventar for lengje, og den som ventar på noko godt, veit kva han har i vente!
Punkt 7: Ja, det kan vera hyggjeleg i ein travel dag. I dag trefte eg fleire kjensfolk i polkøen då eg skulle handla 2 raudvin til deg. Ingjerd helsar mykje, t.d, og fortalde litt om Kristian E. og Bjørn E., som forresten er heime begge to nett no.
Punkt 11 3/4: Dersom du aldri har forventningar, har du aldri noko å gle deg til! ForVENTningar ER å vente på noko ein trur blir bra.
Eller Punkt 12 3/4: Finn på moral sjølv!
Eller Punkt 13: Neidå
November 2, 2006 at 12:30 pm
Hei, Dansken her !!!!
Punkt 2, som Kasper ville ha’ sagt det:
“Den som venter paa noget godt, venter aldrig for laenge!”
Yes, saa er den vidst paa plads.
- Dansken,