Nordmenn og turgåing

October 14, 2006

turmannen

Eg har igrunn alltid vore av den oppfatning at me nordmenn er flinke å tilbringa tid i naturen, gjerne på fjellet, eller kanskje berre ein ettermiddagstur rundt eit lite tjern eller vatn – kven veit. Kanskje eg faktisk alltid har tenkt at nordmenn er flinkast, faktisk, til å gå tur i fjell, skog og mark. Før i tida, altså under krigen eller deromkring, var dette med turgåing noko alle gjorde, og då gjerne kledd opp i skikkelig turutstyr (støvlar, gamasjar, nikkers, anorakk og lue med norsk flagg på). Eg har tilogmed eit bilete av slekta (dvs eit par generasjonar bakover) som sitt midt uti villmarka i finstasen med dressar og kjolar… og noko slags daudt hjortedyr i bakgrunnen om eg hugsar riktig. No har mykje forandra seg, og det merka eg spesielt godt i ettermiddag då eg kom køyrande heim frå en handletur etter øl (me går forresten ikkje ut etter øve-øl lengre; no køyrer me, gjerne i bil). Dette biletet tok eg med mobilen på veg heim (i fart, beklagar at det er litt uskarpt). Dette er den moderne, norske, turgåaren. Han har stadig vekk hund, og ein slags turklede. Sykkelen er eit relativt nytt tillegg, det er liksom litt mindre strev å sykla samme avstanden som ein gjekk før… det får då vera grenser – når blei “tur” til “mosjon”? Neida.

Det eg lurar på er om, dersom dei hadde hatt mobiltelefonar med kamera i i 1943, hadde dette då vore eit typisk “turbilete ” som vart hengande på veggen? Eg har mine tvil, men vonar sterkt at turgåarane også slo sprekkjer iblandt i førre århundret.

One Response to “Nordmenn og turgåing”

  1. Kari Says:

    Har du gløymt dei fotos med 3 stk brunbjørn i framgrunnen, med flatbørsa prominent i biletet? Soga fortel ikkje om dei sykla til jakta, men den fortel m.a. at dei måtte dra bjønnane fram til veg – langt – og det var ikkje vinterføre. Akk. Så kom sykkelen. Først med karbidlykt som viste babord og styrbord, endå det var på landevegen, og deretter med ballongdekk; er det rart me vart late? Ikkje kunne bjønnane etast heller. Hofftitte!


Leave a Reply