Archive for May, 2006

Venting

May 30, 2006

Ein liten post om venting, noko eg har gjort mykje av dei siste dagane. Me ventar på eit par interface (lydkort, mamma) som manglar for å få miksa skikkelig i StudioVoss. Istaden nytta eg tida til å lodde litt. I dag er visst dagen når eg likar å vri og vende på tal og nummer, så eg rekna fort ut at eg lodda omtrent 576 punkt igår. Skulle ønske eg kunne få til å kjeda meg istaden avogtil.  Idag vert det 500 nye… Hei&hå!

Akkurat sånn er livet

May 24, 2006

Livet kan vera så mykje rart, foreksempel regnfullt og med aukande behov for det eg kallar "livsgamasjar" (til å vandre gjennom allslag drit), men óg som varme poteter:

"Hot Potato is an expression that denotes something unwanted, of which nobody wishes to claim the responsibility of, and passes it on to others as quickly as possible (as if to avoid getting burned)."  

(legg merke til at den varme pota minnar litt om ein ekskrementbit) 

Vil nokon ha ei varm potet? Eg har mange.

Så dumt kan det bli.

May 21, 2006


Rett og slett så dumt kan det bli.

Så var ein heime att

May 10, 2006

Bildelaus post denne gongen.

Så var ein heime att, og godt er det – om ikkje i dei beste omstende. Her skal det til ei forandring ikkje filosoferast så mykje denne gongen, det får komma seinare ein gong.  Nei, her skal det takkast.

Takk til alle som har letta på trykket no når eg måtte vekk i ukjekt ærend.  Det hjelper godt å kunne legge vekk arbeid og Liverpoodliske ting ei stun.

Så – kort er greitt – tusen takk til Jonas, Simon, Peter, Trym, Audun, Øyvind, Kjersti, Robin, og ikkje minst til Jon som ikkje eingong forstår at han blir takka.

You are the rock. You rock.