Archive for April, 2006

Tid og meg

April 27, 2006

Eg har ein historisk, bitter fiende. Tid. Sjølv synest eg igrunn ikkje at det å ha kun ein slik sådan er så aller verst. Men for ein fiende. Eg kasta bort litt tid på å tenke på tid idag – og kom fram til at tid ikkje er eit problem før ein byrjar å tenke på ho. Går det an? Å ikkje tenke på tid? Kanskje ikkje no lenger – på fleire måtar. Eg hugsar spesielt godt ein episode, då eg var 7-8 år gamal: Det var etter skuletid, og eg hadde tenkt meg på besøk til ein kompis for å spele fotball eller noko slikt… så ringde eg ned til kompis' for å spør om det passa – og det gjorde det forsåvidt, men dei skulle reise ein stad om éin time så det var egentlig ikkje vits i. Så sa eg at jamen då har me jo god tid – ein time er jo lenge? Men nei nei gutt. Ein time er ingenting. Då var eg 7-8 år gamal. No er eg tre gonger så gamal, og har inntrykk av at tidsbegrepet mitt har endra seg proporsjonelt logaritmisk i forhold. Det som før var god tid (ein time) er no slett ikkje god tid, mens omtrent éin dag er det eg tenkjer på som 'god tid' no. Av dette kan eg dra opptil fleire konklusjonar:

1) Etter kvart som me vert eldre, går tida perseptivt fortare. Denne teorien er backa opp av utallige utsagn frå diverse langt eldre folk eg kjenner.

2) Etter kvart som me vert eldre, gjer me ting mykje treigare. Denne teorien er den minst spennande, og mest frustrerande. Det kan derfor godt tenkast at dette er det riktige alternativet.

3) Tidsbegrep er relatert til aktivitetar og tolmod. Før hadde eg tolmodighetsspenn på omtrent ein halv time (maks), mens no er det betraktelig mykje lengre (mens i enkelte tilfelle er det tvert imot). Det var igrunn nok – for ingenting eg planla tok stort meir enn ein halvtime å få unna. Barnetimen = 30 minutt. Middag = 30 minutt. Knyte begge skoa: 30 minutt…og så vidare… No legg eg gjerne i veg med prosjekt som krev 2-300 arbeidstimar å fullføre, og har dermed eit kjempebehov for å strekke tolmodighetsspennet mitt til eit tilsvarande tidsrom. Det er strengt tatt astronomiske tal me opererer med her – kven har vel 300 å gå på i den avdelinga?? Personlig trur eg kanskje tolmodet mitt er omvendt proporsjonelt med konsentransjonsevna (jo klarare eg tenkjer, jo mindre tolmod har eg med å få ting til og vice versa). Sjølvinnsikt, nokon? Jaja. Denne er den lengste og minst sannsynlige teorien.

4) Tidsbegrep er relatert til søvnmengde. Jo meir ein søv, jo bedre tid føler ein at ein har (perseptivt). Jo mindre soving, jo meir stress (dette stemmer jo forsåvidt?).

5) Tid har ingenting med dei overnemnde tinga å gjere, og er berre eit kosmisk fenomen som ingen forstår og dermed blir lett frustrert over.

No skal eg vera litt toldmodig med meg sjølv. Hei hå… 

Littavkvart

April 27, 2006

studiovoss_rombe 1.pngSlik ser han ut.Inntil vidare. Har sitte og putla litt med logoarbeid idag, både til studio og til plateselskap. Det blir vel ein litt meir forenkla versjon til slutt, men jaja… Kjekt er det uansett. Grafikk er gøy! 

Idag kom grillen på plass, ilag med hagebord/benk (typen russebenk/parkbenk). Grillen var forholdsvis enkel å få montert, men bordet (som i utgangspunktet var ein veldig enkel konstruksjon) tok meg og simonsen storparten av ein times tid å forstå oss på. Tretten ulike typar boltar, og seksten boltar til saman. Trur nokon på fabrikken anten 1) ser dårlig 2) har ekstremt dårlig sans for humor eller 3) ikkje veit kva dei driv med. Eg satsar på alle tre, kombinert.

Nok om idag. I morgon kjem det ein ny dag, med nye bord og grillar – men forhåpentligvis med ein litt meir fornuftig arbeidsmoral.

Titt tei.

The man is back in town (NN: Attendevendaren)

April 24, 2006

HappySå var det å omstille seg til å snakke EngLesk igjen. Véret er fint, i alle fall etter vestnorske standardar, og det er ikkje eingong helg. Attendekomsten var ikkje så galen som eg hadde frykta; her er jo både kjekke folk og anna spennande. Den einaste nedturen så langt er at vår gode venn ScottishPower har sendt oss rekningar for førre året EIN GONG TIL – dei vil visst aller helst at me skal betale – ikkje berre dobbelt så mykje for straumen som heime i fedrelandet – men dobbelt så mange gonger for han og. Altså dobbel pris, og dobbel innbetaling. Det vert fire gonger så mykje som fornuften skulle tilseia. Eg har tilbrakt ein god time på talatuten med Herr Power, til lite nytte. Tankegangen deira er noko a-la: Har du fått ei rekning, så lyt du betale ho. Pronto. Han som fekk 1.4 BILLIARDAR i telefonrekning her for nokre veker sidan (les VG nett, red.anm) skal vera glad at det ikkje er Herr Power han har å gjera med. 

Men men – det ordnar seg nok, slik som alle ordnebare ting ofte gjer. Men dust er det, åkke som.

No skal det handlast mat – her er verken det eine eller det andre, tørt eller vått som det heiter. Me har ikkje brød og vatn ein gong…uh… 

Å vera kul på flyplass

April 23, 2006

KøbenDei seier at den som ventar på noko godt kan aldri vente for lenge, eller noko i den duren. Det er eg ikkje sikker på om er heilt universelt. Kanskje kan det tenkast at det heller skulle vore "den som ventar, ventar kanskje på noko godt", eller "venting er sunt, året rundt"…eller noko. Når ein sitt på ein flyplass og rett og slett gjer akkurat det, ventar, så kjem ein til å tenke på litt av kvart. Her er det, for det fyrste, drøssevis med folk som føler seg svært viktige – det er i alle fall inntrykket eg får. Spørsmålet er kvifor; skal dei på biznissreise, skal dei besøke tippoldemor på sjukehuset og gjere mirakel som legane ikkje får til – eller er det rett og slett min teori som nok ein gong stemmer her: at folk er bitt av "rotterace"-basillen? Det er kult å vera viktig. Det er viktig å vera kul. Ond sirkel? Når ein sit heeilt stille på ein flyplass, for eksempel i køben som eg gjer akkurat no, så føler ein kanskje at ein kan unne seg å vera viktig. For ein gongs skyld kan ein sitte og skrive på laptop, snakke i telefonen og bestille øl på kredittkortet – og vera viktig. Tips nummer ein er å virke stressa – dersom ein er stressa må ein rekke noko viktig. Eller ein er ein latsabb som ikkje greier å komme til gaten i tide (skillet mellom dei to har med ansiktsuttrykk å gjera; bestemt blikk og stram gange viser at ein er viktig og ikkje berre ein rotekopp.) Så tenkjer eg med meg sjølv – er det ikkje eigentlig mykje kulare å vera heilt avslappa, ta seg god tid og smile til folk – istadenfor å stresse rundt, vera sur og gå som ein struts i frå ende til annan? No, foreksempel skal eg ta meg ein tur på Gino's og bestille ein feit middag, ta meg tid til å vente på at den blir klar, og nyte ein kald pils. Uten å stresse. Konklusjonen er vel den at no kan eg kunsten å vera EKTE kul på flyplass. Så lenge EG veit det, er det ikkje så farlig om alle andre veit det. 

I forbindelse med dette startar eg opp kurs for folk som kunne tenke seg å læra denne kunsten, frå og med akkurat no. Tretti tusen kroner kostar kurset, med anti-stress-og-kul-garanti. Meld på, meld på. No skal eg ta for meg sjølvmeldinga for i fjor.  

Gratulerer med dagen, kjære meg!

April 3, 2006

Eg nyttar høvet til å gratulere meg sjølv med dagen. No er resten av livet på ramme alvor ;o)

Påskeforvirra?

April 2, 2006

bunnychickenFor mange er påsken ei tid som stort sett omfattar lange skiturar, appelsiner, kakao med snerk og snøblinde utlendingar med slalomski i langrennsløypa. Men kvar sin kultur har kvar sitt stempel på påsken. Nokre ser Jesus’ død og hans langhelg med påfylgjande mirakuløs oppstandelse som sentralt. Andre tenkjer på påskeharen – eller påskeegg. Nokre forvirra sjeler blandar desse saman og ventar på at påskeharen skal komme med egg. Alle veit at vanlege, mentalt friske harar ikkje legg egg, og for det aller meste ikkje har nokon form for omgang med egg sidan det er eit pattedyr (m.a.o har haren puppar, noko som i og for seg er ein bisarr tanke for underskrivne). Svenskane har blanda hekser opp i alt dette, og trur at dei var spesielt aktive i påsken. Sjølv trur eg at akkurat dette kan vera eit desperat forsøk på å forklara kvifor 1) at jesus kunne dø og stå opp igjen (forøvrig kallar engelskmenn langfredag for ‘good friday’ – og nordmenn skal vera heidningar?), 2) at haren legg egg og, 3) bestefar alltid blir dritings på akevitt og fortél om sine grisete sjømannsbragder i forrige århundre.

Nok om svenskane – det dei ikkje veit har dei ikkje vondt av, skal det ha vore sagt.

Eg ser for meg at om eit par generasjonar, når kulturar har smelta endå meir saman (fysj!), så har alle desse tinga fusjonert: Jesus blir påkøyrd av ei lumsk heks på kost, og døyr som fylgje av kollisjonen. Dette var ikkje Guds plan (hugs: han skulle frelse verda og var ikkje heilt ferdig), så Gud måtte finne opp ei reserveløysing. Mens ein mirakuløs sirkushare la digre sjokoladeegg i byens amfiteater sneik Gud seg til å klone Jesus (han hadde jo originaloppskrifta).

God påske alle sammen.