Skumle baktisar

March 20, 2006

baktisI natt eg drøymde noko som eg aldri har drøymd før; at ei gigantisk banan åt meg levande. Dette er ikkje normalt for meg – normalt så drøymer eg om heilt andre ting (det kan me evt. ta til etteretning ved eit seinare høve). Uansett så trur eg dette er eit typisk feberfenomen. Eg hadde, for dei som fyl med, influensa for ei god veke sidan – og så slutta det heile brått.No har eg hatt fri ein dag, og kroppen min har bestemt seg for å fortsetje der han slapp sist. Det vil seie – no er eg ikkje heilt sikker på om det er eit virus (influensa) eller ein liten bakteriefaen som har tatt over kontrollen her. Eg sjekka kjapt opp ‘bakterie’ på nynorskversjonen av wikipedia (nn.wikipedia.org) og her er det eg fann der:

“Bakteriar er ei stor gruppe levande organismar” -> def. av organisme: “eit levande vesen” -> def. av levande: “Den mest sentrale tydinga er det som lever, både vitskapleg om biologisk liv, og med åndelege tydingar som livskraft eller evig liv“.

Andre tydingar av “liv”: ein kroppsdel, eit jentenamn og ein del av ein kjole.

Med andre ord har eg med eit udødelig, intelligent og levande kvinnevesen som er delvis kledd i kjole å gjera. Dette lovar ikkje godt – mine tidlegare erfaringar med udødelige lettkledde kvinner (jfr. supermann 3) har ikkje vore utelukkande positive.

Eg har hamstra inn all verdens prevansjonsmiddel for å bekjempe dette udyret, den mest effektive skal vera Paracetamol: (eng.wikipedia) “a common analgesic and antipyretic drug that is used for the relief of fever, headaches, and other minor aches and pains.”

Eg reknar med at lettkledde, udødelege kvinnebakteriar fell inn under ‘other minor aches and pains’.

If I’m not back in twenty minutes, call the president. No skal det sovast.

Leave a Reply