Eg vonar dette ikkje berre gjeld meg sjølv. Iblandt så gløymer eg ting. Vanligvis hugsar eg på dei større, viktige tinga her i livet (brunost, ullsokk og tøflar) men dei mindre ‘vesentlige’ om du vil, er eg ikkje fullt så flink på å hugse på. Det vil seie – her snakkar me vel eigentleg ikkje om å hugse noko, men å komme på noko. Akkurat det er ei interessant jukstaposisjonering; for meg er dei to ganse så ulike. Som regel hugsar eg alt, men kjem berre ikkje på at eg hugsar det i tide. Altså kjem det til slutt til at eg har ‘gløymd’ det. Men eg hugsar det jo enno – eg kom berre på det litt for seint. Viss ein no blandar inn det gode gamle ordtaket ‘det er tanken som tel’ så vert dette brått ein meir spanande debatt. Altså: eg hugsar noko. Eg kjem på det for seint. Men samstundes så tenkte eg å komme på det i tide, så då gjer det ikkje noko om eg gløymde det likevel… eller?
No har eg gløymd å komme på kva eg skulle hugse, så eg trur me rundar av der.
Jo, no kom eg på det! Til alle dykk der ute i verda som eg har gløymd, ikkje komme på i tide eller rett og slett har hoppa over – eg er gruseleg lei for det. Eg kan diverre ikkje love at det ikkje skal gjenta seg, for det er ein viss sjans for at eg ikkje kjem på at eg har lova det i utgangspunktet, men eg skal i det minste gjere mitt aller beste for å unngå å gløyme at eg skal hugse på deg neste gong.
Natta…