Ikkje alle er som denne karen. Han er alltid frisk og opplagd, lett på labben og glad i Milo. I alle fall er sauen hans det. Kvifor er han alltid frisk? Eg er nemleg ikkje det. Ikkje nett no for tida, i alle fall.
- Vegard Ulvang er norsk. Det er eg og. Likevel blir eg sjuk.
- Vegard Ulvang brukar ullsokkar frå Ulvang(tm). Det gjer eg og. Likevel frys eg på beina.
- Vegard Ulvang går på ski. Det hadde eg og gjort, hadde me hatt nok snø. Men eg er sliten nok som det er, om eg ikkje skulle gått på ski óg.
- Vegard Ulvang har raud t-skjorte. Det har eg og. Likevel blir eg slapp.
Kva er det Vegard Ulvang har som ikkje ég har? Kvifor blir eg sjuk og ikkje han?
- Han har mørkt hår.
- Han har si eiga blonde skismørardame i trikot som…ja kven veit kva ho gjer.
- Han har eit par OL-gull.
Og so då? Skal naturen brått byrje å diskriminere oss på grunn av hårfarge, skismørardamer og utgåtte OL-gull (han der skihopparen frå voss er ein liten hobbit)? Dette er for slapt.
March 10, 2006 at 12:13 am
So so. Det ordnar seg nok. Med konjakk og ull tar det berre 14 kjappe dagar, medan det tar heile 14 forbaska dagar utan. Stå på! Det er berre 21 dagar til du har direkte tilgang på t.d. blondiner og Milo, i fall du skulle få eit tilbakefall. I mellomtida kan du ta ein titt på mormorsokkane med fjes; dei skulle ordna det meste etter mottoet: Ein god latter ..o.s.b…. Det der med raudfargen har forresten Vegard misforstått: den kjem innanfrå hjå kjekke folk og utanpå hjå venlegsinna bilar. Eigentleg har han skjønt det, undermedvite, for HAR DU NOKONGONG SETT EIN ULVANGSOKK SOM ER RAUD? Sodaso.