Idag kom han. Dansken. Det var ein reiselei viking eg traff på flyplassen i ettermiddag – lei av England, lei av flyplassar og lei av bagasje. Og svolten var han og – det gjekk hardt på baconpylsene til Statoil (tidl. Norol) med det samme han kom ut av terminalbygget. Eg trur ikkje han gjekk meir enn hundre meter frå flyet før magen skreik etter ekte highway-mat. Så kom me til Voss, omsider, og då vart det meir mat. No er dansken mett, og glad (når maven er 'gla så e' man gla'). – Pudding i sofan og norsk melkesjokkis for alle penga!
Archive for March, 2006
Dansken kom…
March 31, 2006Farvel…
March 30, 2006
Så har tida komen atter ein gong. Farvel England, god morgon Norge. Tidlig på morgonkvisten ein gong snik ein skjeggete, sliten men lysten og heimlengslande nordmann seg ut av døra i 74 basement. Tre veker hardt arbeid og hard avslapping ventar over bekken.
Takk for denne gong – me talast.
Årets spontankjøp
March 24, 2006
I morgon tidleg, rundt ugudelege 5am, flaksar eg avgarde til London for å inspisere årets spontankjøp – ein SSL 9080J. Den fyrste i Noreg. Guten er glad.
Tradisjonsfaen
March 24, 2006
Nordmenn er spesielt flinke på tradisjonar, heiter det seg. Det vil seie – eg trur eigenleg me er flinkare på å ytre kor viktige dei er for oss enn me er i å faktisk overhalda dei, men det kan verta ein annan diskusjon. Uansett så er konseptet med ‘tradisjon’ noko eg ikkje heilt er sikker på om eg set så stor pris på. Jodå – den reint historisk-kulturelle verdien er jo viktig, og skal ikkje feiast under noko flygande teppe her. Det er jo utelukkande fint at unge og (tilsynelatande) friske norske menneske skal springe rundt og veive med norske flagg og ete seg sjuke på pølser og is den syttande mai, at vossingane kan brygge ‘haimabryggjet’ sitt og eta så mykje smalahove, vossafår og vossakorv at dei ligg langflate til langt utpå ettermiddagsskiftet i skiferbrotet.
Men ikkje alt som glitrar er kråkesylv; eg høyrde seinast for eit par dagar sidan om ein britisk tradisjon, som riktignok er relativt ny (og det er her eg skal ta fram hellebarden og radbrekke heile tradisjonsordninga), men gammal nok til å ta på seg tradisjonsklistremerket: Når nokon fyller år skal ein vise kor glad ein er i dei ved å skjenke dei stupande stålfulle på eit utall ulike alkoholhaldige drykkar (og andre tilgjengelige rusmiddel), slik at dei kravlar rundt som makk og lagar kvalm både på den eine og den andre måten til langt utpå morgonkvisten, når dei truleg vaknar opp i ein vilt framand person. – Men dette er jo berre kjekt (les: standard laurdag) tenkjer du no – men dette fungerar litt som med engelsk jul – presangane skal ikkje opnast før morgonen etter: Raudsprengte auge, sprekkeferdig milt og lever som ristar som ei premenstruell oppvaskmaskin frå mellomkrigstida. Stundom vert eg hoppande glad eg feirar både jul og 3.april i Noreg.
Dette er ingen overfladisk, retningslaus tankestraum eg serverer her – nei, dette går langt djupare: korleis blir tradisjonar til, og kva kjenneteiknar ein ‘god’ tradisjon? Årene går, og det er godt og vel to tusen år sidan sjefen sjølv gjekk og vagga rundt i dei mirakuløse sandalane sine og la grunn for lassevis med meiningsfylte tradisjonar (han om det). Er det slik at samfunnet no har utvikla seg til eit så råttent, eller i det minste overmodent, postmodernisert eple at det ikkje lenger let seg gjera å skape nye, ‘gode’ tradisjonar? Eg ser ikkje for meg store revolusjonar i bordskikk eller intimvask i åra som kjem, t.d. Når eg sit her og tenkjer meg om, så stammar vel svært mange av dei ‘tradisjonelle’ verdiane som mi eiga etisk-moralske haldning byggjer på frå ganske gamle tradisjonar – kanskje fleire hundre år, om ikkje tusenvis. Er det slik at etterkvart som tradisjonar vert ‘forelda’ så vert dei undertrykte og mindre viktige? Sluttar me å takke for maten om tjue år? Dette er eit omfangsrikt tema, og eg skal ikkje forsøke å bedrive omfattane utgravingar av det her i den lille ‘kortfatta’ bloggen min. Du kan jo tenkje litt over det sjølv – kor mange av tradisjonane dine er mindre enn femti år gamle? Internettskikk og videotelefonimoral er sjølvskrivne nykommarar (om ikkje desse og er forelda og allereie er i ferd med å forsvinne i eksponensielt større grad).
Kva skjer om fire-fem generasjonar? Dersom vår generasjon, og neste ledd osv. ikkje greier å bære vidare dei tradisjonssetta me har vakse opp med – vil dei forsvinne heilt då? Dette er skummelt. Eg merkar at røtene mine visnar sakte vekk i grålysinga. Dette er igrunn litt ironisk – før var det tradisjon for å skrive brev heim til nære venner, familie og kjende. No sit eg her og publiserer mitt eige personlige liv, tilgjengelig for heile verda og alskens gulgrønt menneskevesen i aust der borte. Og kvar vart det av alle tabua? Eller nære ord, varme tankar og grønne fingrar? Dette går ikkje lenger over stokk og stein, men over hus og heim.
Betre føre var enn etter snar, som ei bestemor eingong sa. – Lat oss alle melde oss inn i oldboys-speidaren, reise på kanotur i sverige, grille smalahove dagen lang og spikke turstavar av sprakakrakje til våre blodige hender er så tradisjonsrike at dei får kulturvernstatus og må fredast for allmenn ferdsel.
Nynorske transportmiddel
March 21, 2006
Eg kom nett heim frå nokre timars svært så trivelig kaffiprat med simonsen, då me m.a. snakka mykje om syklar. Eg har aldri hatt så lyst å sykle, og hatt så lite sykkel tilgjengelig før i mitt relativt lange liv. Deprimerande. På toppen av det heile kjem ikkje ASDA og leverer latmannsmaten vår i ettermiddag heller, fordi dei har eit drittsystem som droppa alle utkøyringar idag… neste middag på torsdag. Bæsjeland. Jaja. Uansett så forska eg litt på sykkel for å kvele sykletrangen, og her er det eg fann:
Eit nynorsk ord som eg ikkje visste om – eg trudde farkost var ‘vanleg kost’ både på bokmål og nynorsk, men her har visst ein eller annan kreativ liten wikipedia-spire laga eit heilnorsk alternativ:
Ein sykkel er ei fargreie med eitt eller fleire hjul som er montert etter kvarandre på ei ramme. Sykkelen får framdrift ved hjelp av muskelkraft. Dette skjer anten ved å sparke den framover, eller ved at krafta blir overført frå beina via pedalar, tannhjul og kjede til hjula. Tyskaren Carl Drais von Sauerbronn (1785–1851) er av mange rekna for å ha laga den første sykkelen i 1816.
Så veit me det!
Andre populære, særs nynorske transportmiddel er til dømes: fjording, traktor, drosje, apostlane sine hestar, importesel, bestefar, bil, pram, båt, øldunk, grasklippar, snjofjøl, truger, skitrekk, tjukkelabbar, firspann og melkespann.
Skumle baktisar
March 20, 2006
I natt eg drøymde noko som eg aldri har drøymd før; at ei gigantisk banan åt meg levande. Dette er ikkje normalt for meg – normalt så drøymer eg om heilt andre ting (det kan me evt. ta til etteretning ved eit seinare høve). Uansett så trur eg dette er eit typisk feberfenomen. Eg hadde, for dei som fyl med, influensa for ei god veke sidan – og så slutta det heile brått.No har eg hatt fri ein dag, og kroppen min har bestemt seg for å fortsetje der han slapp sist. Det vil seie – no er eg ikkje heilt sikker på om det er eit virus (influensa) eller ein liten bakteriefaen som har tatt over kontrollen her. Eg sjekka kjapt opp ‘bakterie’ på nynorskversjonen av wikipedia (nn.wikipedia.org) og her er det eg fann der:
“Bakteriar er ei stor gruppe levande organismar” -> def. av organisme: “eit levande vesen” -> def. av levande: “Den mest sentrale tydinga er det som lever, både vitskapleg om biologisk liv, og med åndelege tydingar som livskraft eller evig liv“.
Andre tydingar av “liv”: ein kroppsdel, eit jentenamn og ein del av ein kjole.
Med andre ord har eg med eit udødelig, intelligent og levande kvinnevesen som er delvis kledd i kjole å gjera. Dette lovar ikkje godt – mine tidlegare erfaringar med udødelige lettkledde kvinner (jfr. supermann 3) har ikkje vore utelukkande positive.
Eg har hamstra inn all verdens prevansjonsmiddel for å bekjempe dette udyret, den mest effektive skal vera Paracetamol: (eng.wikipedia) “a common analgesic and antipyretic drug that is used for the relief of fever, headaches, and other minor aches and pains.”
Eg reknar med at lettkledde, udødelege kvinnebakteriar fell inn under ‘other minor aches and pains’.
If I’m not back in twenty minutes, call the president. No skal det sovast.
Gløyming…
March 20, 2006
Eg vonar dette ikkje berre gjeld meg sjølv. Iblandt så gløymer eg ting. Vanligvis hugsar eg på dei større, viktige tinga her i livet (brunost, ullsokk og tøflar) men dei mindre ‘vesentlige’ om du vil, er eg ikkje fullt så flink på å hugse på. Det vil seie – her snakkar me vel eigentleg ikkje om å hugse noko, men å komme på noko. Akkurat det er ei interessant jukstaposisjonering; for meg er dei to ganse så ulike. Som regel hugsar eg alt, men kjem berre ikkje på at eg hugsar det i tide. Altså kjem det til slutt til at eg har ‘gløymd’ det. Men eg hugsar det jo enno – eg kom berre på det litt for seint. Viss ein no blandar inn det gode gamle ordtaket ‘det er tanken som tel’ så vert dette brått ein meir spanande debatt. Altså: eg hugsar noko. Eg kjem på det for seint. Men samstundes så tenkte eg å komme på det i tide, så då gjer det ikkje noko om eg gløymde det likevel… eller?
No har eg gløymd å komme på kva eg skulle hugse, så eg trur me rundar av der.
Jo, no kom eg på det! Til alle dykk der ute i verda som eg har gløymd, ikkje komme på i tide eller rett og slett har hoppa over – eg er gruseleg lei for det. Eg kan diverre ikkje love at det ikkje skal gjenta seg, for det er ein viss sjans for at eg ikkje kjem på at eg har lova det i utgangspunktet, men eg skal i det minste gjere mitt aller beste for å unngå å gløyme at eg skal hugse på deg neste gong.
Natta…
Stundom…
March 13, 2006
Stundom vert det seint på natta. Somme gonger vert det så seint på natta at det nærast er tidleg på morgonen. Det er slike netter ein forstår korleis natta og dagen heng saman. Når nettene blir lange, og kulegradene set inn. Då er det godt å ha ei varm seng som ligg og fristar fælt, men mindre godt å ha ein avtale om fire timar. Det er i slike stunder, mellom natta og dagen, at ein byrjar å tenkje på dei store spørsmåla i livet; var det eigentleg meininga at mennesket skulle vera oppe på denne tida av døgeret? Er brunost faktisk godt, eller berre trur me det? Kan Kjell Magne Bondevik spela golf, og hvis han kan, kva handicap har kan? Er Vegard Ulvang ein ulv – er namnet hans eigentleg eit dårleg akronym for Varg Ulveand – og kva har Bjørn Dæhlie med saken å gjera? Har IOC-komitéen reine ugler i posen og kva for ein pose er det dei har? – Og kven fant opp Frankrike?
Det er menneskeleg å feile
March 12, 2006
Eg lyt bite i den sure mangoen no, og trekkje tilbake min tidlegare post om korleis årstidene eigentleg heng saman her i England. Det er menneskeleg å feile – då er det vel bevist ein gong for alle at eg er menneskeleg. Men tilbake til soga: Då eg tusla heimover på morgonkvisten i dag, etter eit særs triveleg vinlag i går kveld, så lava det ned strie kjerringar frå himlingen. Det snjoa ganske mykje, med andre ord. Om ein ser bort i frå alle pubane, husa, ølglasa og så vidare så var det nesten som å tusle mutt putt aleine igjennom den nordiske vinternatta langt i frå folk og fe. Fint var det no jamvel om omstenda ikkje heilt var tilrettelagde for skitur. Endå betre vart det då eg oppdaga, etter å ha gått Benedicte heim at eg ikkje hadde lyklane mine med meg og måtte vende tilbake til start for å låne peter sine. Brått vart det tre heile turar i den liverpudliske marsnatta istadenfor éin. Fint var det, og godt gjorde det. No har plussgradene byrja å tære på sjoen som ligg att, og utrulege tjue centimeter har blitt til femten.
Det var det for no. Men jo, til Kjersti og Thomas: Ein vandrar i natta som vantar vottar vonar det ikkje er langt til hus.
Den britiske papirmølla
March 11, 2006
Det er mangt og mykje å irritere seg over i dette landet. Men det er éin ting som toppar alle kaker: papirarbeidet. Noko så enkelt som ei straumrekning har no balla på seg til å bli eit heilt årsverk i rekneskapsføring, arkivering og har dratt på seg ei formue i portoutgifter. Her kjem ei lita historie (“based on a real event, red.anm.”):
Fem kjekke unge menneske bur i ein kjellar. I kjellaren nyttar dei straum til å lage lys. I Skottland bur det eit selskap som heiter ScottishPower. Dei likar å lage straum, sende den ned til kjellaren og ta betalt for det. Så langt er alt berre fryd og gamasjar. ScottishPower sender eit brev (i Januar 2006) der dei skriv at me må betale for straumen vår. Det er fint, tenkjer me. Etter nærare kikk på rekninga står det ‘frå januar 2005 til januar 2006′ (men på engelsk, red.anm.). Dei kjekke unge folka i kjellaren vil helst ikkje betale for straum dei ikkje har brukt, og ringer til ScottishPower for å sei ifrå om dette. ScottishPower tar telefonen (etter ein lang kopp kaffi) og seier at ‘det er ikkje noko problem’ (igjen på engelsk, red.anm.). Så sender ScottishPower ein kopi av rekninga dagen etter. Dei unge kjekke folka i kjellaren forstår at her har det vore ei misforståing, og ringjer til ScottishPower igjen. ScottishPower tar telefonen (etter ein kopp kaffi og ein tur på do), og svarar at ‘det er ikkje noko problem. då må de sende oss ein kopi av leigeavtalen dykkar og målarstanden for september.’ Dei kjekke unge folka i kjellaren sender ein kopi av leigeavtalen sin (og målarstanden for september, red.anm), og tenkjer at no skal alt ordne seg. ScottishPower sender eit brev tilbake der det står at alt er i orden, men berre viss husverten skriv under. Dei kjekke folka i kjellaren får husverten si underskrift og sender det tilbake. Medan ScottishPower jobbar med saken sender dei like godt ei purring på den opprinnelege rekninga, for å vise at dei ikkje har gløymd dei kjekke folka i kjellaren. Det er jo kjekt. Så kjem det eit brev tilbake der det står at ‘underskrifta må vera på det andre arket. kan de sende tilbake snarast. takk’ (på engelsk, red.anm.). Dei kjekke unge folka gjer som ScottishPower seier, og husverten skriv under på det andre arket, sender det tilbake og tenkjer at no skal alt bli bra. Så sender Scottishpower endå ei purring medan dei jobbar med saken, for å vise at dei ikkje har gløymd oss. Dei kjekke folka i kjellaren ringer til ScottishPower for å spør kva alle purringane betyr – om det er noko rot i systemet eller ei misforståing her? ScottishPower seier fint og høflig at dei skal me berre sjå bort ifrå. Så går det ei veke og eit brev til kjem i posten, denne gongen ikkje frå ScottishPower men frå eit selskap som heiter LCS. Dei skriv, fint og høfleg, at ScottishPower vil ta saka i retten fordi dei har sendt så mange purringar og ingen har betalt. I forvirring betalar dei kjekke folka i kjellaren rekninga (for dei har vel ikkje tid til å gå i retten, red.anm.) og tenkjer at no skal alt bli bra….