Velkomne til bords

February 25, 2006

ivar aasenEg fann det for godt å opprette endå ein såkalla ‘blog’ her på verdsveven, der eg utelukkande skal skrive på nynorsk. Det har seg slik, diverre, at eg har for vane å skriva på bokmålet i mine skriftlege kommunikasjonar med austlendingar eller andre som ikkje er heilt tilrettelagde for stilfull målbruk. Eg vonar at andre kan freiste å skrive på nynorsk her – eller på eigen dialekt om ein heller vil det.

Det skal seiast, eller skrivast for å vera presis, at eg nok skortar litt på den standardiserte nynorsken stundom – de får ta meg med ei klype salt akkurat der.

Ikkje veit eg kva eg skal skrive her, og ikkje veit eg om det kjem noko meining utav det heller. Eg veit ikkje eingong om nokon kjem til å lese dette når eg tenkjer meg om. Men om ein kan tenkja seg at nokon, reint hypotetisk, skulle komme til å lese dette (og forstå det) så er det vel truleg best om eg kan skriva noko med litt meining og ettertanke.

Til me talast att – ha det godt, og fall no ikkje ut i freisting for å forringa målet ditt slik som denne karen har gjort. Det gagnar ingen.

-yngve

Leave a Reply