Archive for February, 2006

Snjowen fall idag

February 28, 2006

snjo!Stundom tenkjer eg på vinteren heime i Noreg. Det har seg nemleg slik at her, på den andre sida av bekken, så er det totalmangel på snjo (snø). Trass i fleire månader med relativt kjekke temperaturar og turre gangstiar, så fann naturen (kven er han?) det for godt å late snjokrystallane komme siglande ned mot dei Liverpudliske gatene i dag tidleg. Forfjamsa som eg var då eg kikka ut, måtte eg kontrollukke augo minst eit par gonger før eg fann meg i at dette ikkje berre var tull og vas. Fyrste snjoen i Liverpool kom soleis den 28. Februar – etter norske standardar ganske uvanleg ‘timing’. Dette ‘mirakelet’ om du vil, fekk meg til å tenkje på det eg skreiv her førre dagen om årstider og dette landet – og no har eg utvikla ein liten teori om korleis ting heng saman:

Her i England har dei, som alle andre stader, fire årstider (jfr. Vivaldi m.fl.). I nokre land er den eine årstida lengre enn den andre, som til dømes i Noreg der vinteren varar eit halvt år og sommaren er overstått på ei utvida langhelg. Haust og vinter tek seg av resten. Her i borte har dei óg fire årstider – og på samme måte virkar det rimeleg å anta at også her er lengda på årstidene noko ulike. Det er likevel éin umiskjenneleg ulikskap frå dei Norske årstidene eg har merka meg; istadenfor vår, vinter, sommar og haust som me alle kjenner frå heimlandet (unnateke bergensarane som berre har våren og hausten, naturlegvis) har dei det eg vil kalle ‘alternative årstider’. Dei har sommar – det er den eine store likskapen eg kan finne. Denne byrjar rundt påsketider, og varar til godt uti september. Så kjem dei alternative sesongane; ‘hausten’ er meir ein slags ’saust’, der sommaren sakte men sikkert sklir ut i eit grått og livlaust landskap rundt november. Då har jolepynten allereie invadert store delar av byens mange gater og vindauge, og ein får ein illusjon av at det er vinter. Det er det ikkje.

(!) Det kan tenkjast, etter dagens vesle morgonmirakel, at vinteren byrjar og sluttar den tjueåttande februar i England, men det får vera opp til den enkelte si oppfatning å avgjere. – Eg har ellers ein sideteori om at det eigentleg skal vera den tjueniande februar, altså skotårsdagen, men at nokon (les: Vivaldi) har lese feil på kalenderen (det er jo ikkje skotår att før i 2008). Det samme kan det vera – tilbake til dei engelske årstidene:
Etter ’sausten’ kjem ‘vånteren’, som er heilt lik sausten men berre med mindre jolepynt. Vånteren byrjar rundt trettifyrste dag jol (truleg grunna ein liten skriveleif – 13 og 31), og varar fram til trettifyrste mars. Fyrste april er det (ikkje offisielt) nasjonaldag, som av politiske grunnar har fått si eiga årstid (feira med ein engelsk variant av Mardi Gras der alle i landet drikk rekordmykje pils og drit kvarandre ut, medan alle jenter over fjorten og under femti kler seg opp/ned i miniskjørt og BH med engelsk flagg, fer ut på byen på jakt etter tequila-shåttar til eitt pund femti eller eventuelt forhandlar seg fram til kvantumsrabatt. Dei over femti og under fjorten er ikkje ‘vernepliktige’, men deltar gjerne friviljug.). Eg har ikkje vore kar om å finne ut kva dei kallar denne årstida sjølve. Eventuelle forslag frå eventuelle lesarar vert tekne imot med stor takk.

Andre april byrjar altså sommaren så smått (andre meiner at starten på sommaren vert konstituert av at jolepynten er heilt vekke – derom stridast dei lærde), og så er kretslaupet igang igjen. Inntil vidare skal eg nyte vinteren her borte (idag) medan han endå er her. No skal det jo seiast at det snjoa ikkje stort lengre enn i ti minutt, og neppe meir enn at enkelte mentalt ustabile hoppa ut i vegen foran ein bil i rein forvirring (sjølv om det ikkje treng å ha noko med vinteren å gjera). Eg håpa i mitt stille sinn at skulen kanskje blei avlyst idag med snøfallet og det heile, men dengong ei. Kanskje neste vinter.

-yngve

Min nye ‘læptåp’

February 27, 2006

der for arvenNo har eg nett svidd av nitten tusen blanke norske på ny personleg datamaskin, ein sokalla MacBook Pro (namnet skjemmer ingen?). Det skulle vel kunne indikere at eg no er profesjonell. Dette er ein sorgfull, men lukkeleg augneblink for meg – det for MYKJE pengar ut av kortet mitt; på den andre sida så spara eg eindel kroner på å kjøpe ho her i Engjaland heller enn heime i mellom fjell og dalar. Ikkje berre er det ei rykandes kjapp datamaskin eg får – ho er jamnt ut ei profesjonell (jfr. namnet) ei óg! Kanskje burde det heite informasjonsteknlologi-tilgangspunkt istadenfor datamaskin, no når dei aller fleste nyttar ‘datamaskina’ si for å setja seg fast i verdsveven? (Kvar er denne vevkjerringa som har laga verdsveven?) Eg kjenner at fornorsking av framandord er eit føretak som eg nok bør lata andre stelle med.

Det samme kan det vera – eg er lukkeleg og har eit stramt lite budsjett som eg gler meg stort til å sprekke hól på. Du store min lapdansande Jehova, eg er ein ekte pioneer!

-yngve

Gruseflaks

February 26, 2006

gruuuusDå var jobben gjort. Hagen er full av lys singel, etter eit par-tre timar med innsats frå den gode kjerne. Simon er unnskyldt igjen – han kan få lov til å luke ugras på fredag. :)

Neste operasjon blir hage nr.2 der Dr. Hamad vil spandere tre tonn til med grus. Jammen har han spanderbuksene på.. korleis ser ei spanderbukse ut? Hm. Uansett så var det rimeleg fort gjort å hive grusen på – det tyngste var å grave vekk all jorda. I hage 2 slepp me gravinga, så ein ettermiddag med svette og lange armar der så burde saken vera biff. Kven  som fann DET uttrykket opp, og eventuelt kva det betyr (om noko) får venta til ein annan gong. No vert det ryddings innomhus – nokon har teppebomba golvet mitt jamnleg den siste veka, og eg er stygt redd for at den nokon nok er meg.

Nuvel. Det var altså det heile for no. Me sjaoast!

-yngve

Jordnær ettermiddag

February 25, 2006

grav for livetI forrige post nemnde eg såvidt at det var eindel graving som skulle gjerast før grusen kunne leggjast på. Det er no gjort, med god hjelp frå vener og kjente, noverande og kommande medbuarar her i Rodney Street. Til alle dykk som tok i eit tak – tusen takk! Til alle som skulka (Simon er unnskyldt) – må de få ein stor illsint stein på tåa neste gong de går ut.

I morgon dukkar Dr. Hamad (a.k.a ‘Sjefen’) opp med ein membran som skal ligge under grusen, som forresten er kvit, og slår av ein prat som vanleg. Hakeslepp-faktoren kan komme til å bli rimeleg høg, vil eg tru. På tre timar har me gravd opp 30 kvadratmeter, og flytta omtrent 5 kubikk. Igjen, takk for innsatsen. No skal me premiera oss sjølve med ein god, kald bayer og ein liten matbit. I morgon er det tidlig opp for å flytte stein..! :)

Peter har som vanleg nytta høvet til å ta eindel bilete, som eg kjem til å legge ut på nettsida mi yngvehoeyland.com i løpet av morgondagen. ‘Backyard Rescue Part 3′ kjem på måndag, når grusen er på plass. Det er store sjansar for at det kjem ein del fire- når det heile er i boks.

Dersom du ikkje forsto denne posten, så er nynorskordbøker til sals hjå dei fleste norske bokhandlarar. Laup og kjaup!

-yngve

Grøss og grus

February 25, 2006

two tons of gravelNo har me fått to tonn med grus til hagen levert. Den kom i to digre eitt-tonssekkar, fint plassert nedom eigedommen, men kunne like gjerne ha vore heisa inn i sjølve hagen skal ein dømma etter krana på bilen som leverte han. Dette er jo heilt supert, for då må me bæra to tonn med kvit grus gjennom ei dør, opp ei trapp før me kan tenkja på å spre han utover. Dette landet, dette landet… Ikkje rart det tek fire år å fiksa ei rundkøyring når det er slik ting fungerar. Uansett så reknar eg no med å tilbringe idag og i morgon med ei bøtte stein i kvar arm. Grisefint. Det som gjenstår no er å finne ut kven eg skal sende kiropraktor-rekninga mi til.

Men så har det seg slik at dette berre er halve soga. Før me kan spre grusen utover, lyt me grave opp litt jord (les: 30 kvadratmeter). Er det ikkje moro, hmm..?

Hei så lenge….

-yngve

Velkomne til bords

February 25, 2006

ivar aasenEg fann det for godt å opprette endå ein såkalla ‘blog’ her på verdsveven, der eg utelukkande skal skrive på nynorsk. Det har seg slik, diverre, at eg har for vane å skriva på bokmålet i mine skriftlege kommunikasjonar med austlendingar eller andre som ikkje er heilt tilrettelagde for stilfull målbruk. Eg vonar at andre kan freiste å skrive på nynorsk her – eller på eigen dialekt om ein heller vil det.

Det skal seiast, eller skrivast for å vera presis, at eg nok skortar litt på den standardiserte nynorsken stundom – de får ta meg med ei klype salt akkurat der.

Ikkje veit eg kva eg skal skrive her, og ikkje veit eg om det kjem noko meining utav det heller. Eg veit ikkje eingong om nokon kjem til å lese dette når eg tenkjer meg om. Men om ein kan tenkja seg at nokon, reint hypotetisk, skulle komme til å lese dette (og forstå det) så er det vel truleg best om eg kan skriva noko med litt meining og ettertanke.

Til me talast att – ha det godt, og fall no ikkje ut i freisting for å forringa målet ditt slik som denne karen har gjort. Det gagnar ingen.

-yngve