Ja så var me her igjen då, eg og du som les. Heldigvis er det eg som skriv, og ikkje du, då veit eg slettes ikkje kvar eg hadde teke galne svingen. Men, til saken. Lat oss skrida til verker, eller nokonstad deromkring. Idag tek eg for meg eit kjent, men uutforska fenomen. Jadå, det er reine skjære empiriske pønskinga, herleg friteken frå alt som heiter fakta. Igjen. Tid er eit vrient nok tema i seg sjølv. Men me har ikkje tid til å stoppe der, neidå, me skal rett inn i kvantetikken. Du skjønar kanskje allereie at det er kronglæ å ordlegga seg når ein skal debattere (på eiga hand, ikkje minst) rundt temaet tid, då kan ein liksom ikkje skilje mellom tid som tema og tid i vanleg tyding (eg har dårleg tid, t.d.). Kva er no det, forresten, dette med dårleg tid? Det bankar ein liten nisse på her no, og lurer meg på om ikkje eg har skrive om akkurat det før, men lat no det vera med tanken. Om tida di er god eller dårleg får vera opp til deg, men mi tid er for det meste god sjølv om ho er dårleg, om du kan stokke på plass den setninga slik at ho gjev meining og kan verte fruktbar.Det var dette med tidsforståing. Lat oss eta litt på det no først. Om tid er noko me alle opplever individuelt (“Physical time is public time, the time that clocks are designed to measure. Psychological time is private time.” som eg les i ein artikkel her). Privattid er viktig, mor mi kallar det “åleinetid” eller noko slikt. Det trur eg det er sunt å ha. Utan hadde det ikkje vore mykje av denne spalta i alle fall, det kan eg love og prise. Tid er noko ein har tenkt mykje på oppigjenom tidene. Me har, jfr artikkelen eg nemnde, faktisk tenkt på tid i 2500 år allereie, og “takka vere det så forstår me tid mykje betre no”. Ja, det skulle då berre mangle. Eg trur beint eg lærde meg klokka på under eit halvår, faktisk. Månadane og, tilogmed om det ikkje hadde gått eit heilt år frå eg starta til eg kunne dei på rams. Enkelt og greit, det er berre å tela alle ti fingrane og to føter så har ein i det minste antalet. Verre med fylka i Noreg. Det er ikkje rart amerikanske ungar har lågare snitt-IQ enn andre når dei skal telje til 50 med berre 20 kroppsdelar som stikk ut å telje på (nokre fleire enn andre, sjølvsagt).Tidsforståing. Eg rotar meg vekk, forstår du. Det er så mykje ein skal ha tid til å tenke på, eller skrive om – og i denne samanhengen begge deler samstundes (og då vert det trongt om plassen, kan du tenke deg, eg er jo mann). Ein liten spiss ein der, lat no det gå. Tid har me alle saman. Nokre meir enn andre, nokre betre enn andre (jfr. Ord og Uttrykk, 2.utgåva, side 71, avsnitt 4) om ein skal tru faglitteraturen. (Kven veit kva du finn om du slår opp den referansen – eg sjansar på at ingen tek seg bryet men tar det for god fisk, slik ein ofte gjer i doktoravhandligar notildags). Tidsforståing er vrient, eg forstår knapt kva det er sjølv, men lat oss no ransake dette fenomenet litt før me hiv handduken:Tid kan vera to ting, i all hovudsak. Tid, og mi tid. Det høyrest kanskje dumt ut, men dei er sjeldan på bølgelengde og snakkar ikkje på langt nær samme dialekt. Viss Tid er ein romsdøling så må Mi Tid vera sjøsame eller denslags. Me kjenner oss alle igjen i dette – alle har god tid, men ikkje du. Eller omvendt. Det er sjeldan anten eller. Eg forstår ikkje tid. Det er eit forvirrande, og forstyrrande, element som stadig vekk kjem og skal rive opp røter på ting eg nett har planta. Om ein berre hadde alltid(a), så ville alt ordne seg, ville det ikkje det? “Tiden leger alle sår” osb.? Eg er ikkje så sikker. Sjølv er eg oppteken av meistringskjensle, i det minste underbevisst eller litt sånn baki hjernebanken der ein stad. Og eg trur, synd som det er, at mykje av den kjensla kjem frå konseptet deadline. Ikkje berre kan eg, men eg kan SÅ fort. Utan å gå på akkord med verken meg sjølv eller kvaliteten på det eg driv med. For kva skal ein ellers måle kvalitet i? Om ein hadde hatt allverdas tid på å gjere noko ferdig, så vert marginen for å klare det så stor (eller lang) at fleire ville klare det, og dermed er pokalen mindre attraktiv? Hadde eg berre hatt tida til hjelp så kunne eg vel fått til det meste, ja kva kunne eg vel ikkje fått til DÅ? Nei, det handlar om ein slags kombo. Skill and efficiency, som dei ville sagt utomlands. Samtidig så er det vel fare for at ein, om tida vert sett til sides, misser eindel saker og ting. Til dømes det å vera sporadisk. Kvar er vel gleda i at alt skal vera gjennomtenkt, eller planlagt? Eg er i det minste meir sporadisk når eg har “dårleg” tid, kjenner eg meg rett. Det er tungt stoff å tyggje, dette. Me får ta oss tid til å tenke på det ein gong?
dynamisk tidsforståing og -handtering
January 23, 2008fOkuS
January 2, 2008Fokus kan vel bety fleire ting, men på det jamne så botnar dei vel alle i idéen om noko slikt som “sentrum for merksemd”. Altså – fokus = merksemd (oppmerksomhet, for eventuelle austingar). I fotografi, noko eg driv med og interesserer meg for i aukande grad, finn ein begrepet “depth of field”. Kva den nynorske oversetjinga er tør eg ikkje fabulere i, og uheldigvis for dei sneverspråklege lesarane mine så har eg diverre ikkje fått norsk-engelsk fotografiordbok til jol i år heller. Begrepet beskriv ein artig eigenskap som alle fotografi har, i alle fall om ein ikkje tuklar med dei. Det har seg slik at linsa på eit fotoapparat har eit fokuspunkt, på dei fleste linser er dette justérbart, noko mobiltelefonprodusentane tydeligvis ikkje er så opptekne av alltid. (Kva skal ein med 8 ihuga impresjonist-megapikslar?) Fokuspunktet (igjen har eg ikkje det nynorske ordet her) er det punktet (i djubdeperspektiv) som er skarpast samanlikna med alle dei andre punkta. T.d. kan eit objekt i nærfelt vera i fokus, medan bakgrunnen er “ute av fokus” eller “tåkete”. Så har det seg slik at jo lengre ein “zoomar” inn, jo større vert skilnaden mellom desse to, altså – jo meir tåkete vert det som ikkje er i maksimal fokus. Dette er eit artig fenomen, i alle fall om ein er interessert i det, då.Meir interessant vert det når ein tenkjer på at menneskeaugo bér akkurat samme eigenskapane som ei fotolinse. Jodå, me ser jo alltid skarpt på det me “siktar” på – og det skjer heilt automatisk. Med andre ord oppdagar me aldri at det me ikkje ser på er ute av fokus – nettopp avdi me ikkje ser på det. Enkelt, greit, forbanna fascinerande. Mennesket har fem, nokre meiner fleire, sansar. Det sensoriske systemet vårt er inndelt omtrentleg slik at 70% av merksemda går rett i synet, bokstaveleg. Den siste tredjedelen må dei fire (+) sansane dela på. Skremmande å tenke på at eg som lydteknikar i det heile har for vane å jobba med augo opne. Det vil óg seie at me har mykje lettare for å la synet styre opplevingane våre av noko – til dømes assosierer me ikkje synet av to bilar som kolliderer med ein kræsjlyd, men omvendt – me ser for oss to bilar som kræsjar når me høyrer lyden. Øyrene er lette å lure, det samme med lukta og dei andre “småsansane”. Men augene då? Uttrykket “å sjå syner” er jo godt planta. Å høyre syner er langt mindre vanleg – og at mange av oss luktar lukter er vel neppe framsidestoff. Lukte lunter er det noko som heiter óg, men lat oss no komme tilbake til den raude tråden som me har mista litt fokus på no – nemleg merksemdsteori. Me er vel alle einige om at dette med auget og fokus som eg har toucha borti over her stemmer – at ein ikkje kan fokusere på to ting samstundes. Verken i linser utanfor- eller inni hovudet. Men kva med heile systemet? Kva med ManOS X, som dei hardbarka mac-nerdane sikkert køyrer inni topplokka sine? Er det slik at hjernen, mennesket, personen (i hovud- eller birolle forsåvidt) ikkje er i stand til å tenke like klart på to ting samstundes? Ein kunne kanskje dra fram klisjéen om at kvinner kan gjere fleire ting på ein gong, medan menn ikkje kan det – total nonsense såklart (me kan jo både sjå på TV og drikke øl, eller køyre bil og snakke i telefonen) – men det vert litt for lettkjøpt i denne samanhengen.Kanskje kan ein tenke seg at merksemd/fokus kan sjåast som ei kake, som deretter må fordelast i kakestykke av proporsjonal storleik i forhold til dei prosessane hjernen skal ta seg av på eit gitt tidspunkt. Lat oss t.d. seie at det var mogeleg å frigjere all den tilgjengelege merksemda – altså 100% av ho – og rette denne mot éin enkelt prosess (og for å ta knekken på kverulantane her så drit me no i alle autonome prosessar) – til dømes grasklypping. Det er jo rimeleg å rekne med at graset ville fått ein strålande klypp om det var tilfelle. Men kva så om ein i tillegg skulle ha sex, altså i tillegg til grasklyppinga? No høyrest det kanskje ut som ein rar ting å drive med medan ein klypper graset, men her handlar det som vanleg om å setje ting litt på spissen. Kvifor akkurat desse to aktivitetane? Dei virkar kanskje som motsetningar eller vilt forskjellige ting, men kanskje har dei nokre fellestrekk som kan vera nyttige i dette eksperimentet – begge krev ein viss fysisk koordinasjon og retningssans, for å nemne noko. Vidare så er det ein viss andel sikting og djubdesyn involvert, utan at eg skal gå inn på for mange detaljar når det kjem til grasklyppinga. Uansett, det kan no vera det samme, for poenget er det at begge er relativt merksemdskrevjande prosessar – og utan tvil to prosessar som vanskelig let seg kombinere. Difor er det rimeleg å rekne med at kvar prosess vil “bruke opp” omtrentleg like store merksemdsandelar. Om det let seg gjere er i og for seg ubetydelig og ikkje nødvendigvis verdt å eksperimentere med. Motoriserte knivar og opptil fleire nakne personar på samme stad er neppe det luraste scenarioet for utprøving av merksemdsoppdeling i praksis, i alle fall ikkje på begynnarstadiet. Nok om det. Viss dette er mogeleg, (og då snakkar me om prinsippet i det å dele opp merksemd to to jamnstore bitar – ikkje hagearbeid), er det då slik at 50% merksemd er nok for å gjennomføra respektive prosessar normalt, eller vil begge verta “half baked” (jfr. førre posten)? Og er det slik at ein må tildele ein viss merksemdsandel til ein tredje prosess – nemleg det å konsentrera seg om å halde fokus på to prosessar samstundes? Om så, vil ein då “sløse vekk” proporsjonale mengder merksemd med antal prosessar ein har gåande samstundes? For å dra ein paralell – ei vanleg CD-plate med musikk er “full” etter 74 minutt, inkludert pausane mellom spora på 2 sekund. Om ein har eitt spor på plata kan dette vera 74 minutt – men om ein har 74 spor kan dei ikkje vera 1 minutt kvar, men berre 58 sekund. I sistnemnde tilfelle misser ein tilsaman 148 sekund, altså ca 2 1/2 min. med plass som kunne vore fylt med musikk istaden. Det var no berre ein tanke. Eller var det to?
(a)post(e.l.)
December 11, 2007
Ofte går eg i tankar. Som andre går eg også med klede, sko osv, men i tillegg altså i tankar. Mine eigne, som oftast, men stundom i andres óg (som ikkje alltid er like nøgde med den ordninga, for kven sine tankar skal dei då gå rundt i?). Utan å gå vidare inn på korleis ein kan gå i tankar så skal me bryte laus på dagens epistel eller kva eg no skal kalla det – dei er ofte skrivne på nattestid desse. Kanskje apostel er betre – alle skriv jo epistlar, så i eit forsøk på å skilje meg litt ut kan eg jo late meg sjølv falle i freisting for å skrive apostlar. Som ord er det vel ingen tvil om at apostel fungerar betre på eit internasjonalt plan, om ein stykker det opp litt – a post. Stort nærare korrekt kan ein vel strengt tatt ikkje komme. Endinga, -el, kjem naturlegvis frå det nordvest-semittiske begrepet “el”, som tyder Gud. Samansett skulle det altså bli noko slikt som Gud-Blogg, som i alle fall delvis peikar attende til ordets opprinnelege tyding. Inntil vidare kan me konsentrere oss om dei fyrste to delane, og setje Gud på tredjeplass. Ja- for religion er vel ei tertiærnæring no om dagen? Primærnæring er det i alle fall ikkje, no når folk ikkje kjøper vin-og-brød-konseptet lengre. Sekundærnæring kan me vel óg stryke (for deg som lurar fell bl.a. transportverksemd inn under sekundærnæringane), for religion kjem ein tydelegvis ingen stader med – om ikkje bakover, då. Eit relativt nytt konsept er kvartærnæringane, eit vekstområde som innbefattar t.d. informasjonsteknologi, forskning og bibliotek. Religion har lite til felles med desse, og er strengt tatt ikkje noko vekstområde heller? Nok om det, eg måtte no kalle denne posten for noko og vart litt ordfiken. Me får komme oss til saka medan stemninga framleis er på ei stigande kurve her:
Kva ville vel Jesus’ tolv epistlar ha sagt, fekk dei sjå oss idag? Kva hadde dei vel i det heile vore, om dei var, idag? Trur du ikkje dei hadde vore epostlar? Og kva nytte hadde dei vel vore om det berre var tolv av dei, hud og flesk, med godt oppunder sju millardar fortapte sjeler å besøke? Det må nærast vera ein epostel til kvar av oss, skal det virke. Så fort som allting går for tida har ein heller ikkje tid til noko skrifting med lange angrefristar – ein sms vert tilogmed i lengste laget, om ikkje “ok” var tilstrekkeleg då. Nei, korte og brutale måtte dei vera, med powerpoint-vedlegg som åtvarar om kor nådelaust ixus, kasus og e-sus skal herje med dei som ikkje vidaresender til minst 25 andre på kontaktlista si innan eit døger? Skjersilderen og syndeflodhesten er utdaterte forlengst – gje oss noko religion som er meir praktisk å leve med/av. Det må oppdaterast – Gud 2.0. – med slutooth og trådlaust veibånd. Sølibatet får me ta stilling til ved eit seinare høve – dei fleste gjer jo det.
Steinaldermannen
December 8, 2007
Steinalderen veit eg lite om. Og det kan igrunn vera like greit, kanskje, for det er visst nok av andre der ute som veit mykje om han. Korleis dei veit det skal eg ikkje henge meg opp i – kanskje dei har funne ei slags 6000 år gammal wikipedia der alle fakta står skrivne opp, søkbare og lett tilgjengelige. (Eit funn som det naturlegvis var best for alle om ein ikkje offentleggjorde – om dei hadde vist ho fram så ville arkeologane vore arbeidslause, og 2007-mannen hadde ikkje hatt stort å lure på). Okke som så unnar eg steinaldermannen ein tanke og to idag. Éin ting veit eg, steinaldermannen var ein kar for seg sjølv. Ikkje berre var han uvitande (og viktigare, uavkorta fri frå) av lån, monogami, klimapolitikk og verre ting, men det er godt mogeleg at han aldri kunne forestille seg kva desse tinga var – eller skulle bety – åtte tusen åre seinare. (Det skal vel noko til – veit du om ein profet frå 6000 f.k. som kunne fortelle at me i 2007 skulle betale for ekstra knudrete kondomar – med magnetiske plastikkbitar?). Eg trur me treng eit nytt perspektiv på dette med å tenke “forut for si tid”. No om dagen er det godt gjort å forestille seg kva som skjer neste veke, om ikkje ein skal tenke på kva i all verda som skjer i år 8007 – viss det er noko verd att, då. Nei – kva tenkte steinaldermannen på? Kva slag mental pest hadde han sitjande mellom tinningane då han sjølv satt på ei tue ved vatnet og kikka utover? Det skal eg ikkje legge meg opp i, heller. Men det eg faktisk lurar på – og her kjem det – er kva han tenkte då han for fyrste gongen kikka ned i ein dam eller eit vatn og såg seg sjølv for fyrste gong. Langt meir presist – kva tenkjer ein fyrste gongen ein ser seg sjølv – det vil seie, altså den fyrste gongen ein ser seg sjølv og forstår kva ein ser. Eg er sikker på at dette er langt meir interessant for vaksne menneske å oppleve – altså å sjå seg sjølv i spegelen/vatnet for fyrste gong – enn for småborn. Kvifor? Nei det kan eg ikkje svare på nett no, men om du tenkjer deg om så trur eg du kan vera med på at det hadde vore spennande å gå inn på badet og sjå seg sjølv for fyrste gong – nett no. Kanskje fordi du har ei sjølvkjensle, ein slags ambulerande idé om kven du er og kva du står for, mykje sterkare enn nokon andre har, men likevel så er det fyrste gongen du kikkar deg sjølv inn i augo og får servert ei biletleg manifestasjon på alt som du sjølv trur du er. Og så, i den augneblinken du kikkar deg sjølv i augo – noko som, for dei som ikkje har prøvd enno, er ei både vanskeleg (praktisk) og svært spesiell (elles) oppleving. Vel, DET kunne eg godt tenke meg å prøve ei gong. Ein får håpe på ein slags visuell variant av hukommelsestap inntil vidare….
Han som ventar på noko godt
November 27, 2007
Ja så er det visst tett på eit år sidan sist eg skreiv noko her. Det skulle ikkje forundre meg om minst éin av dei to faste lesarane mine har slutta å kikke innom og – her må det jobbast hardt for å bygge opp att fanbasen.
Du trur kanskje at eg har ein heil masse å skrive om, no når det er så lenge sidan sist? At eg har spart og samla på alle tankar som ikkje lot seg strukturere og tilpasse andre kanalar? Med fare for å miste min siste fan så må eg nok skuffe der óg. Nei, eg har bestemt meg for å starte i ein ende og fare gjennom alt som dett inn undervegs, som vanleg. Og kva passar vel betre enn å angripe miljøet. Eg tek ein råsjans no, for det er kanskje ikkje det mest brennande heite temaet om dagen, men eg tør ikkje risikere å vente stort lengre – eg må skriva om det medan det framleis er noko att av det. Ja, du skjønar kanskje korhen dette er i ferd med å ta vegen? Eg har vel ikkje det mest solide grunnlaget for å uttale meg om miljøsaker, men eg trudde då eg var noko meir velinformert enn eg har oppdaga at eg er. Det heile starta med Al Gore (ikkje-presidenten) sin film “An Inconvenient Truth” (eller “en ubehagelig sannhet” som han så kløktfullt har vorten oversett som). Ein kan sei kva ein vil om propaganda og forvridde statistikkar, men noko fortel meg at denne mannen stort sett har reint mjøl i sekken. Bukken og havregryna er eg ikkje i det heile bekymra for, i den avdelinga har jo han andre presidentkandidaten fått fotfeste forlengst. Men det var dette med miljøet. Kva er no det? Jo det kan vel vera eit stabburfullt av ulike saker og ting, men i denne samanhengen er det varmegradene som betyr noko. For det er skremmande at nok ein gong, i vinter som i fjor vinter og året før, finn eg meg sjølv ståande på tunet ein mandagsmorgon med tanken “det var jo metervis med snø då eg var liten”. Med min nokolunde beskjedne alder så er jo det heller ikkje så lenge sidan, me treng ikkje lengre tilbake enn på 80-talet. Har bilkøyringa mi noko med snøforekomstane å gjera? Ein vert jo ståande å lure, medan varmlufta prøver å tine opp frontruta (og med ein steikespade som skrape, fordi skrapa har forsvunne sporlaust).
Altså, viss det er slik at snøstanden synk for kvar gong eg set meg i bilen, kva skjer då når det er heilt tomt for snø? Er det ein eller annan slags stand som vert påverka? Eller ein BEstand kanskje? Kva med reinBEstanden eller ulveBEstanden? Dei vert jo mindre dei og, sjølv om eg nok må stilla meg skeptisk til at akkurat desse er relaterte til bilbruken min. Ein kunne t.d. laga seg ein graf (for der det er statistikk vert det graf – dette har eg lært i utlandet) som viser forholdet mellom diverse, t.d. snøstand og kilometerstand eller nokodenslags. Er det kanskje slik at jo meir me menneske tek oss til, jo mindre vert det att av alt det andre? Det må vera ein slags naturlov (passande namn?) som beskriv denne type forhold. T.d. er det vel slik at når du tømmer øl over i eit tomt glas, så minkar luftBEstanden oppi glaset? For å gjera plass til ølet, altså? Med andre ord, jo fleire kilometer taksameteret i bilen viser, jo mindre snø får eg? Og allikevel betalar me skjorta og eine sokken for bensinen, som om ikkje det var nok at me “køyrer vekk” snøen vår. På den andre sida så brukar jo bilen bensin, og det kan virke som at denne vert erstatta med proporsjonale mengder regn. Fornybar nedbør, som dei kallar det i kraftbransjen. Eller var det pengar? Der ligg det også noko som plagar meg litt – eg synest det er slik at kraftprisane aukar. Ok, ingen overraskingar der, men kva aukar det i takt med? Før var det slik at straumen var dyr når det var lite vatn att å lage straum av. No er det slik at jo meir britane brukar straum, jo meir betalar me for samme straumen – uansett kor mykje vatn me har. Så mykje som me køyrer bil for tida så skulle ein tru at straumen vart nesten gratis om dei hadde rekna på gamlemåten. Desse kraftfolka har fått til noko heilt spesielt – kanskje kan ein kalla dei opportunistar, men eg må berre lena meg tilbake i rein beundring kvar gong dei skrur opp prisen… og at dei slepp unna med det?? Heilt fantastisk. Men tilbake til saken. Det var dette miljøet. Huff for eit vær har me sagt i hundrevis av år, me pratar jo stort sett om været når me ikkje veit kva anna me skal snakke om. Kva er no vitsen med det? “Det regnar fælt idag” kan ein sei, som ein “icebreaker”. Men kva svar får ein? “Ja, det regnar fælt”. Snakk om grunnlag for vidare samtale. Og heilt meiningslaust i utgangspunktet, for dei har jo begge sett kor fælt det regnar, lenge før det hamna på samtaleagendaen. Miljø ja, det snakkar me ikkje så mykje om. Me er ikkje langt unna, med været altså, men kanskje er det eit vrient tema å prate om – og kanskje er det så vrient nettopp fordi dei aller fleste ikkje har peiling på det i det heile. Sett bilen heime, ta bussen, seier dei. Det har me høyrd alle ihop. Ingen gjer det, såklart, for tenk om me møter ein vilt frammand person på bussen? Kva gjer ein då? Slå av ein samtale om været? Me er jo livredde for framande, spesielt på bussen (kva i all verda er det som gjer DET?). Det er nesten så ille nokre gonger at eg lurar på kvifor busselskapa framleis har bussar med dobbeltsete. Dei hadde fått fleire passasjerar med tre enkle rekker enn to doble, for halvparten er i bruk til transport av vesker, aviser, hanskar, paraplyar – eller det ein måtte ha med seg for å forhindre ubedde gjester på nabosetet. Er det rart at me sitt aleine og kjedar oss om kveldane iblandt? Viss ein er livredd for å møte folk, så seier det seg sjølv at utviklinga på den fronten er rimelig laber. VenneBEstanden altså, som er omvendt proporsjonal med antall sete-reserverande gjenstandar ein har med seg på bussen til eikvar tid.
January 26, 2007

Nok ein gong har han gjort det. Taxien til flyplassen kjem kl 0730, og underskrivne har teke fatt på pakkeprosessen kl 5.19. Ikkje nok med det, men han tek seg jammen tid til å skrive ein liten blogg. Så – de to som les dette – viss eg ikkje rakk flyet og dermed fortsatt er i England medan de les dette – det er dykkar skuld. Berre så det er sagt.
Utsetjing
November 14, 2006
Ingenting er som å komme over ei teikneseriestripe som tar deg på kornet bakifrå.
Så var det dette med vatnet
November 8, 2006
Begge mine to lesarar er lokale, og les difor lokalavisa. For dei av dykk som har forvilla seg langt nok vekk frå sivilisasjonen til å finne denne posten så er historia kort: det lokale vassverket er no godkjent produsent av to ting – vatn, og koliforme bakteriar (ein slags politisk neddyssa ond tvillingbror av e-coli). Denne kombinasjonen kan vel seiast å vera relativt uvanleg, om ikkje den fyrste i sitt slag. Personleg har eg ikkje døydd av noko slags koli, og kjenner meg igrunn ganske bra etter å ha supa i meg litt koliformt vatn ved fleire høve. Så ingen grunn til bekymring der altså. Neida – bekymringa mi er rett og slett av rein økonomisk natur. Ikkje økologisk. Teorien er enkel, og held vatn. Dettte koliform bakterie-stuntet som Voss Vass (eller kva dei heiter, sleipingane) no har sett igang “kostar mykje pengar” kan ein lese. Og forstå – koliforme bakteriar har jo ikkje akkurat rykte på seg for å berre dukke opp sånn heilt av seg sjølve i vassreservoar og pumpesystem og gudveitkvavatnetkjemifråoggjennom. Det er ei investering frå VossVas si side – og investeringar kostar pengar. Det seier seg sjølv. Kort og greit så lurar eg no på kva slags bakevje-oppvaksen gnitarluring som har funne på dette prosjektet. For det er igrunn ganske glupt. Igjen trengs det litt lokalkunnskap, og til opplysing for dei som igjen har rota seg vekk på nettet og funne fram hit så skal det seiast at no er de verkeleg ute på djupt vatn. Vosj (Voss på austkantsleng) Kommune har nemleg ikkje vassmålarpåbod lengre. That’s right folks, her er det berre å flytta til stan sporenstreks – her er det pengar å spara og nok koliformt vatn til alle som vil ha. Eg tippar, og dette er den delen av teorien som slett ikkje held verken vatn eller bakteriar, men som malar oldemor på veggen og ropar ulven på håra så ein får einstemmig svar, eg tippar altså. Setninga vart for lang, eg prøver igjen: Eg vil tru (sjåderja no vart det med ein gong leseleg). Pokker. EG vil tru at det no snart vil komma (svært diskrét, eller ekskrét for å setja ordet på strupen) eit forslag om påbudt KBM i alle husstandar. Koliform-Bakterie-Målar. Og koliforme bakteriar kostar grisen og flesket og noko attåt. Liter på liter, ja fleire kubikkmeter i året, med koliforme og antiforme og kanskje tilogmed antikristne bakteriar – som ein sjølvsagt må betala for. I bøtter og spann, for å sei det slik. Finst det ein Vassminister som nyleg har mista ein s i tittelen sin? VASminister? Eller er han nedgradert til vassMINSTer… kva er dette for noko? Me kan ikkje finne oss i at vassverk eller kommunar eller kvensomhelst skal drive å putte koliforme eller kolimegkorduvil-bakteriar i verken drikkevatn eller dusjvatn eller dassvatn for alt eg bryr meg. Skal me drive å dra snora halvvegs ned for å spare på bakteriane, er det det som er saken? Eg trudde heile vitsen med å dusje t.d. var å bli kvitt dei ein hadde på kroppen frå før, om ikkje ein skulle drive å smøre seg inn med fleire (som ein betalar for!). Det er sikkert meirverdiavgift på svineriet og – eg kunne godt tenke meg å høyre ein minster, vera det seg ein vassminister, kulturminister eller berre ein mister, forklare korleis det kan forsvarast. Nei dette her drit eg i.

